Då er innbakt pizza eller calzone som det også heiter, perfekt å ha laga opp på førehand.
Ta deg ei økt, produser opp ein haug og frys ned. Dei kan etast som dei er, så lenge baksten er opptina, eller du kan varma dei på ein primus.
Godt tips: Fyll drikkeflaska di med varm drikke og legg posen med matpakken rett attmed.
Pakkar du i tillegg dunjakka rundt, så er du garantert ein deilige liten lunk på nista di.
Deig til 14 innbakte pizza
6 dl sammalt kveite grov
8 dl kveitemjøl
6 dl vatn
3 ss olje
1 ts salt
50 g tørrgjær
1/2 ts bakepulver
Sjå tips til pizzafyll lengre ned i artikkelen!
Bland alt mjølet saman med salt, tørrgjær og bakepulver. Bland lunka vatn og olje jobb det inn i mjølet.
Bruk litt ekstra olje på toppen av deigen tilslutt, då heng ikkje deigen fast i bollen når han hevar.
La deigen heva til dobbel storleik. Kna deigen litt og bruk litt olje over og under om du treng.
Del opp i omlag 14 like store bitar. Bruk kjevle og lag flate rundingar på storleik med ein frukosttallerken.
Legg fyllet ( i midten og brett saman, slik at du lukkar fyllet inni.
Bruk gjerne ein gaffel for å trykka kantane saman.
Legg dei på eit bakebrett med bakepapir og hev på kjøkkenbenken i omlag 45 min før du steiker.
Steik på 220 grader i 15 minutt midt i omnen. Dei skal vera lysebrune på toppen og under, då er dei ferdige.
Raud pizza
1 glas tomatpuré
omlag 800 g kjøtdeig
400 g raspa ost
Salt og pepar
Oregano
2 fedd kvitlauk
Kvit pizza
Crème fraîche
Sriracha-saus
Skinke eller spekeskinke
Vellagra ost
Raudlaukskompott
Ekstra sterk
Hermetiske tomater
Chorizo-pølse
Salt og pepar
Brie eller anna mjuk ost
God tur akkurat når det passar deg!
Sigrid Henjum
Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid har skrevet boka Et ute – basert på spalten hos UTE.