/ Turmat

Turmat som barna liker

Det meste smaker godt ute, men det hender at barna foretrekker noe annet enn de voksne når de får velge. Her er tre fristende oppskrifter til familieturen.

Sist oppdatert: 12. september 2018 kl 07.00
turmat folie bål
VELG SJØLV: Å laga si eiga skattekiste før middag er med på å gje matlyst. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 3 minutter

Det er vi vaksne som trur at ungar berre likar pølser.

Dei kan eta alt berre dei får sjansen, og mat ute på tur smakar som kjent aller best.

Pizza på bål            
Har du ikkje tid til å laga botn, bruk pitabrød, tortillalefser eller ferdige pizzabotnar. Det er lov å juksa litt. Elles kan du ta med deg ingrediensane til ein pizzadeig. Deigen kan du laga heime eller ute på tur, men han må heva i minst 45 minutt.

Deig til pizzabotn:

  • 3 dl lunka vatn

  • 1/2 pk tørr eller fersk gjær

  • 1/2 ts sal

  • 5 dl kveitemjøl

  • 2 dl sammalt kveite

  • 2 ss olje

Klapp deigen ut på ei steikepanna, eller lær deg å svinga deigen i lufta som ein ekte pizzabakar. Set steikepanna i bålet eller på primusen og steikdeigen kjapt på ei side, før du snur pizzabotnen og har på fyllet.

Fyll:
Rømme
Spekeskinke
Pepperonipølsa
Ost
Tomatpure

  1. Ta på eit tynt lag rømme, strø på ost og ha på pepperoni. Før du legg på lokket, ha litt ekstra ost på toppen. La det steika til osten er smelta.

  2. Smør på tomatpure, strø på ost og dander med spekeskinka og evt meir ost.

Er de ute når det er grønt, la ungane plukka løvetann, surblad (engsyre) eller gaukesyra til salat på pizzen om dei vil. Pizzafyll kan sjølvsagt varierast i det uendelege. Ta på ditt favorittfyll, alt frå kjøt til berre grøntfor eller nugatti og banan.

Skjermbilde 2017-08-22 kl. 13.13.29
Skjermbilde 2017-08-22 kl. 13.13.29

Skattekista
Skattekista er ein foliepakke der ungane får laga sin eigen blanding. Her er eit eksempel med grønsaker og laks.

  • Potet

  • Gulrot

  • Laks

  • Purre

  • Smør og evt litt rømme eller fløyte

  • salt og pepar

  • Regn 1/2 stor potet, 1 gulrot, 5cm purre, 100g laks og 10g smør per unge.

La ungane få skrella, dela opp og fordela ingrediensane i foliepakkar, før dei legg dei på bålet. Når fisken deler seg er det ferdig. Pass på at potetbitane vert nokså små slik at dei rekk å verta ferdige.

Skjermbilde 2017-08-22 kl. 13.12.31
Skjermbilde 2017-08-22 kl. 13.12.31

Olaugbestao si makaronigryta

Denna middagen laga bestemor vår ofte til oss, og dette går garantert ned hjå kresne ungar. Lett å laga, lett å lika.

Makaronigryta til 4 personar

  • 400g kjøtdeig

  • 300g makaroni (gjerne fullkorn)

  • 1/2 glas tomatpure

  • Sukker

  • Salt

Kok makaroni i 3 liter vatn med ei klypa salt. Sil av vatnet etter 12-15 minutt. Tilset tomatpuren og 1ts sukker. Smak til med salt og pepar. Steik kjøtdeigen godt på steikepanna og bland saman med makaronien. 
Om ungane ikkje er så kresne, ha i litt løk i lag med kjøttdeigen, gjerne nokre småtomater og sopp. Server med raspa parmesan eller vellagra geitost.

Hugs at all mat er mogleg å laga ute. Fiskepinnar, karbonadar, brun saus eller poteter.

Du kan laga nett det du hadde tenkt på til middag ute. Ungane kan leika medan du set potetene til kok, be dei finna ved til bålet eller blåbær til dessert. Garantert at dei søv bedre om natta!

God ute-middag! 

SIGRIDS KOKEBOK

Oppskriftene er henta frå turkokeboka Et Ute, der Sigrid Henjum gir deg mange råd på vegen til bedre mat på tur. Bestill boka her

Turmat

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent der, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard, Antarktis og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding

Publisert 12. september 2018 kl 07.00
Sist oppdatert 12. september 2018 kl 07.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen