/ Turmat

Turmat – biff med fløytesaus og potetstappe

Middagen kan fort bli turens høgdepunkt. Få oppskrift og framgangsmåte på vellykka biff med fløytesaus og potetstappe, enten utfordringa er vektsparing eller minusgrader.

Sist oppdatert: 10. januar 2024 kl 00.00
Lesetid: 2 minutter

Tenk at du kan servera denna klassikaren til fjells, laga på primus!

Det blir ikkje vanskeleg å imponera nokon no. 

Når det er minusgrader ute hugs at fløytepakken kan fryse. Det går fint, berre skjer av botnen på pakken, tøm ut fløyte-isbiten og fres i veg på steikepanna. Soppen og lauken er fint å ha skåre opp på førehand, ellers er framgangsmåten den same!  

Biff og potetstappe 

Til fire pers.

4 biffar frå 120-200 g pr biff (eg brukte ytrefilet av angus)

Godt smør (250 g pakke) til steiking og potetstappa

1 pakke fløyte

1 liten gul løk

2 nevar med god sopp, aromasopp eller kantarell 

1 kg små poteter eller poteter i bitar

Salt, pepar og gjerne biffkryddermiks

 

Start med å setta potetene på kok. Dei treng ikkje meir enn 20 minutt når du har små poteter.

Sil av vatnet og tilset ein god klatt med smør. Set vekk panna.

No er det steikepanna sin tur på primusen og ha i ein god klatt smør her også.

Når smøret er litt brunt og skummar godt legg du på biffane og då strør du på litt krydder. Ha god varme og svi alle sidene godt. Krydre alle sidene. Kjenn på kjøtet, det skal vera litt mjukt, men som ein halvstram tommelmuskel, om du vil ha det medium steikt.

Når det er gjort, løftar du biffane over på eit fat slik at dei får kvila seg. Ha no i sopp og løk i små bitar, i panna som framleis har godt med smør og krydder.

Steik til løken er blank før du heller på nesten heile fløytepakken. La det koka godt medan du rører rundt. Smak til om du treng meir salt og krydder i.

Medan sausen kokar inn, heller du resten av fløyten på potetene og så kneftar du og skjer på kryss og tvers oppi panna med ein kniv. Strø oppi litt salt og pepar. Vips, så har du ei grov potetstappe.

Legg stappa på eit fat, biffen på toppen og hell over med varm saus.

Skål! 

TIPS!

På turar der vekt og plass er avgjeranda, byt ut ekta potetstappa med pulver-varianten.

Vis mer

Sigrid Henjum er fast turmat-skribent på utemagasinet.no. Finn fleire oppskrifter!

Publisert 30. november 2021 kl 08.13
Sist oppdatert 10. januar 2024 kl 00.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

mat til langtur ekspedisjon
Turmat til langtur/ekspedisjon

Potetmos med spekemat og chips

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen