/ Turmat

Bakt potet som turmat

Bakt potet er enkel og god turmat til bål. Få inspirasjon til kva du kan fylle poteta med, og Sigrid Henjums oppskrifter på kryddersmør.

Sist oppdatert: 21. januar 2022 kl 08.30
BAKT POTET TURMAT 
POTET: Visste du at poteta er ei av verdas viktigaste matvarer? Den blir dyrka nesten overalt i Noreg, og som turmat er det både mettande og velsmakande. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Skjer eit kryss i poteta. Pakk ho inn i aluminiumsfolie om du har, eller du kan faktisk legga poteta rett på bålet. Så blir det berre eit tjukt svart-svidd skal utanpå.

Ei stor potet må ligga i bålet omlag i 1,5 time, men det kjem sjølvsagt an på storleik på poteta og varmen på bålet. Snu poteta nokre gonger for å sikre at ho vert ferdig på alle kantar. Lengre ned får du tips til korleis du kan spare tid!

Når du lett kan stikka kniven inn, er poteta ferdig bakt. Klem på fire sider av krysset for å få poteta til å opne seg. Slik lagar du holet større og då kan du straks fylle med godsaker. Er det for liten plass til alt du vil ha i, grev du noko av innhaldet ut med ei skei.

 

Her er nokre forslag til kva du kan oppi:

  • Naturell smøreost, spekeskinke og finhakka purrelauk

  • Restar frå tacomiddagen: tacokrydra kjøtdeig, mais, paprika, rømme og ost

  • Smør og ost

  • Bacon, rømme og persille

  • Spekepølse, sæterrømme og tyttebærsyltetøy

  • Kryddersmør

Grønt kryddersmør 

  • 100 gram godt smør

  • ein stor kvast med persille

  • 1 fedd kvitlauk

  • 50 gram raspa parmesan

  • Bruk mjukt smør og køye blandinga med stavmiksaren til den blir jamn og grøn. 

Vilt kryddersmør 

  • Smør 

  • Ramslauk

  • Bland ramslauk og godt smør. 

  • Ein halv avokado og litt limesaft er nydeleg saman med denne blandinga. 

Ta med det du vil ha ut i ein liten boks og fyll poteta med ingrediensane rett før serveringa.

Flere turmatoppskrifter finner du her!

Nokre tips om du skal lage bak potet

  • Har du lite tid ute (eller det er kaldt) kan du baka poteta i steikeomnen på førehand, så treng ho berre å bli gjennomvarm på bålet. 

  • For å halda godt på varmen i bålet, legg steinar i botnen av bålet og bruk små vedkubbar for å raskt laga glør i bålet. 

  • Pimpernell og Kerrs Pink er to gode sortar å bruke til baking. 

Turmat

Strektegning_sigrid

Sigrid Henjum er UTEs faste turmat-skribent. Siste bok: Et ute 

Publisert 27. februar 2019 kl 08.56
Sist oppdatert 21. januar 2022 kl 08.30

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen