/ Turmat

Ta vare på jordbæra

Alle elskar jordbær! Eg skulle ynskje dei kunna vara heile året! Det kan dei med denne lure metoden. Tinte jordbær er nydeleg, og perfekt å ha med på tur.

Sist oppdatert: 17. juli 2022 kl 07.00
jordbær
Uimotståleg: Med denne smarte metoden er jordbær noko du kan ha glede av sjølv om jordbærsesongen er kort. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Når dei norske jordbæra no byrjar å poppe opp i hagen, hjå naboen, eller i butikken så er det berre å hamstre.

Skjer av hamsen (det grøne) og legg dei på eit glas eller gjerne plastikkboks. Gjenbruk er perfekt her, rosinboksar, syltetøyboksar, alt kan brukast berre det er tett lokk. 

Fyll boksen eller glaset heilt opp med heile eller oppdelte bær. Du får plass til fleire om du delar dei i to eller fire. Frys ned med ein gong. Sukker er unødvendig. 

Når du skal på tur, tek du berre opp eit glas frå frysen, det tinar undervegs i sekken, kajakken eller i strandkorga. Det fungerer også perfekt som midlertidig fryse-element hvis du i tillegg vil ha med noko god ost eller krem til å ha attåt. 

Når dei er ferdig tinte, har det laga seg ein nydeleg saus i lag med bæra og det er berre å nyte den friske, søte smaken. Sunt, enkelt og godt!

Gjerne på kjeks med Snøfrisk, krem med litt vaniljekrem i, eller på nysteikte pannekaker

Kos deg med jordbær heile året!

Vintertips

Vil du ha jordbær på vinteren tiner du berre glaset heime først. Er det mange minusgrader og ein kort tur, kan du gi dei litt varme på primusen.

Er turen lang, kan du med fordel ha bæra med i ein pose.

Slik held dei seg singelfrosne og du kan berre legga dei i kasserollen med pittelitt kokande vatn. 

Sommartips

Er det ein varm sommardag er bæra nydelege om dei ikkje har tina heilt.

Pakk behaldaren inn i ei avis og vidare inn i noko klede i sekken, så held dei seg halvfrosne lenger.

Turmat

Sigrid Henjum er UTEs populære turmatekspert. De beste oppskriftene er samlet i denne boka, som kan kjøpes her.

Publisert 28. juni 2021 kl 08.00
Sist oppdatert 17. juli 2022 kl 07.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen