/ Turmat

Genial turdessert med sjokolade og appelsin

Sjokoladefondant i appelsin er veldig godt som turkos, og er enkelt å lage. Perfekt som turmat på påsketuren.

Sist oppdatert: 30. mars 2023 kl 00.00
SJOKOLADEFONDANT: Enkelt, godt og genialt  som turdessert. Foto: Sigrid Henjum
SJOKOLADEFONDANT: Enkelt, godt og genialt som turdessert. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Kva med å innvie påska med å lage denne, på ein ekte uterestaurant? 

Ta ei appelsin og kutt av øvste delen, den skal du bruka som lok. Ta ei skei og grav ut innhaldet på appelsinen. 

I botnen av appelsinen kan du ha i litt appelsinlikør, og/eller ei tynn skive med kransekakedeig som du får kjøpt i pølseform på butikken.

Sjokoladefondantrøra kan du ha i ein brødpose (dobbel!). Då er det berre å laga eit hol i posen, slik at du kan sprøyta innhaldet opp i appelsinen. Ikkje fyll ho heilt opp, for innhaldet utvidar seg når det vert steikt.

Plasser appelsinen (med sjokoladefondanten i og loket på) i glørne på bålet og vent til du ser
at røra vert tjukk på toppen. Det skal framleis vera litt rennande og klissete. Mmmm...

Oppskrift på sjokoladefondant i appelsin  

(Nok til 6 personar)

• 125 g smør


• 200 g sjokolade 


• 100 g sukker


• 2 store egg



• 2 eggeplommer 


• 25 g kveitemjøl

Smelt smøret, ha i sjokoladen og sukkeret i det heite smøret og rør til det vert ei glatt røre. Ha i egg og eggeplommer, og ha til slutt i mjølet. 

Her kan du også jukse litt, det finst både muffins- og sjokoladefondant-røre på pose som du kan blande og ta med.

Pass på at du ikkje brenn deg – bruk ein gammal ullvott eller ein reiskap som gjer at du kan flytta appelsinane inn og ut av bålet utan å ta skade.

Tips: Ver varsam med syntetiske klede som fleece over bålet, det tek ekstremt lett fyr!

Båltips til vinteren

Mat på bål blir ekstra bra om du gjer deg flid med bålet. Klapp snøen hard der bålet skal vera og legg ei heil avis på snøen først.

Vidare tek du vedkubbar som du legg tett saman oppå avisa, og over der legg du vedkubbar i stabel – to og to, slik at du får godt med luft mellom.

Har du bjørkeved, riv du av never og legg i midten. Har du ikkje det kan du spikka flis og legga i midten.

Målet er alltid å få fyr på første fyrstikk, og det krev godt forarbeid! Lukke til!

Mer inspirasjon og oppskrifter på god turmat

Et ute

12-50-14_tohundrefemti

Sigrid Henjum er turmatekspert i UTE. De beste oppskriftene er samla i denne boka, som kan kjøpes her.  

Publisert 10. mars 2021 kl 12.00
Sist oppdatert 30. mars 2023 kl 00.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen