/ Turmat

Potetsuppe med bacon og skogpynt

Potetsuppe er ei enkel suppe å lage, og som kan serverast både varm og kald.

Sist oppdatert: 2. januar 2022 kl 17.09
potetsuppe turmat
LETT SOMMARMAT: Potetsuppe er like godt varm som kald, og kan lagast både ute og heime før avreise. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Potetsuppa kan lagast heime og takast med ut på termos

Lagar du den heime, kan du bruka stavmiksar for å få suppa glatt. Elles er trikset å koke i hjel potetene til graut, så vert det berre små klumpar. Ute på tur vert suppa like god sjølv om det vert meir klumpar.

Det finst faktisk stavmiksar på batteri om du vil ute-kokkelere med fancy utstyr. Suppa serverer du med sprøsteikt bacon, pølse eller spekemat.

Når det er sesong for det, så kan du pynte med gaukesyre. Både blad og blomster på gaukesyre er etande og den er rik på C-vitamin.

Potetsuppe

til 4 personar

  • 1 lauk

  • 1/3 purrelauk

  • 1 fedd kvitlauk

  • 1 ss smør eller olje

  • 650 g poteter (Kerrs Pink, Troll og Mandelpotet høver seg godt)

  • 1 liter vatn

  • 2 hønsebuljongterningar

  • 1 ss Crème Fraîche

  • Salt

  • Pepar

  • 200 g bacon, pølse eller spekemat, gjerne sprøsteikt

Ein stor neve gaukesyre (sjølv om gaukesyra er frisk og god, skal ein ikkje eta store mengder. Ho inneheld ei syre som kan vera hard mot nyrene om du et for mykje. Ein neve med gaukesyre tåler du godt).

Framgangsmåte

Del potetene opp i småbiter før du kokar dei, så vert dei fortare ferdige. Kok dei heilt til dei går i oppløysing og hell av mesteparten av vatnet. Noko vatn kan vera att.

Lauk, kvitlauk og purre i små bitar fresast saman med smør eller olje i ein stor kjele. Når lauken er vorte blank, tilset du dei kokte potetene saman med buljong og vatn. Mos med det du har med deg ut av utstyr, potetstappar, visp eller gaffel. Tilset ei skei med Crème Fraîche og smak til med salt og pepar.

Legg sprøsteikt bacon i midten, pynt med gaukesyra og gjerne god olivenolje. Trøffelolje, sitronolje eller kvitlauksolje passar godt.

Kos deg!

Sigrid Henjum er fast turmatspaltist på utemagasinet.no. Fleire oppskrifter.

Publisert 25. juli 2018 kl 17.09
Sist oppdatert 2. januar 2022 kl 17.09

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen