/ Turmat

Varm og mettende linsesuppe

Dette var hovedrett då eg inviterte ei venninne på bursdag. Kanskje ein bursdagsidé du kan bruka til nokon som har «alt», eller om du vil overraske på neste date?

Sist oppdatert: 2. februar 2020 kl 02.00
varm linsesuppe
VARM LINSESUPPE: Rykande fersk med gode smakar. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Snøen lavar ned og det er rundt null grader ute, men det er ingen grunn til å springa heim for å eta middag.

Lukta av spisskummen, kvitlauk og chili blandar seg mellom snøfiller, og fortel at her ute i snøen ventar eksotisk middag som varmar innvending.

Linsesuppe

Til 4 personar 

300 g raude linser

3 gulrøter

1 lauk

3 fedd kvitlauk

1 fersk chili eller 1/2 ts pulver

1 fersk ingefær på storleik med ein golfball

1 ts heil spisskummen

1/2 ts malt spisskummen

olje til å steika i

Ca, 1 liter vatn

salt, pepar og eventuelt meir chili

 

Dette gjer du heime

Kutt opp gulrøtter og lauk i små bitar. Ha i ein liten boks eller brødpose.

Ta vekk frøa frå chilien, og hakk chili, kvitlauk og ingefær i mindre bitar enn gulrot og lauk.

Samle krydder i ein pose. Du kan bruka chilipulver i staden for fersk chili.

 

Dette gjer du ute

Varm opp ei gryte på bålet eller primusen. Det er best om panna er litt stor, slik at du har plass til å røra mykje.

Ha godt med olje eller smør i botnen og tilset linser, gulrøter, lauk, kvitlauk, chili, ingefær og heil spisskummen.

Rør heile tida for at det ikkje skal svi seg. Når lauken er vorten blank kan du ha i vatn, salt, pepar, malt spisskummen og meir chili etter ynskje.

Om du ynskjer ein fyldigare suppe, kan du bruke mindre vatn i, eller ha i ein boks med hermetiske hakka tomater.

 

Kok i 15 minutt til linsene er mjuke, stikk ei skei nedi og kjenn etter. Små linser vert fyrst ferdigkokt.

Vil du spara drivstoff kan du koka suppa i 5 minutt, setja panna til sides for å la linsene svella, så kan du laga forrett i mellomtida.

Kok deretter linsene dei resterande 5 minutta. Økonomisk, miljøvenleg og tidsparande! 

 

Sigrid Henjum er fast turmat-spaltist på utemagasinet.no. Her finn du fleire turmat-oppskrifter.

Publisert 4. november 2021 kl 09.00
Sist oppdatert 2. februar 2020 kl 02.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen