/ Turmat

Natronkaker på bål

Lapper, sveler, pannekaker, klart det går an å lage ute på bål. Natronkaker er små, lubne og kan nytast med det same. Hugs berre å lage nok røre!

Sist oppdatert: 9. november 2017 kl 10.15
natronkake på bål, svele, lapper
NAM: Natronkaker, også kalla tjukkaser eller stompekaker, smakar like godt som det er enkelt å lage. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Oldemor til Sander laga natronkaker – eller sveler –rett på vedomnen.

Dei hadde ikkje steikeomn på den tida. Kakene kunne vera med eller utan sukker, alt etter bruk.

Uansett var dei luftige, varme og gode. Eg fekk lyst til å prøva denne oppskrifta ute på bålet. Resultatet vart ei blanding mellom lefse og pannekake.

Vil du eksperimentera kan du prøva blåbær, sjokolade eller berre kanel i røra.

Heilt vanlege smakar dei nydeleg med godt smør, brunost eller syltetøy. 

Natronkaker

1 liter kulturmjølk
3 egg
600 g mjøl
100 g sukker
2 ts natron

Rør alt godt saman til ein tjukk graut. Du kan erstatta noko av mjølet med speltmjøl eller litt havregryn om du vil. Eg har ikkje så mykje sukker i, men skal du ha dei som dessert kan du ha minst 50 g sukker til.

Røra må stå i minst 15 min før du steiker og det passar fint om du skal fyra bålet først. Lag røra heime, ha på ei flaske med stor opning og ta med ut. Røra må vera tjukk nok til at røra ikkje flyt for mykje utover, så ha i meir mjøl om naudsynt.

Du kan bruka ei steikepanne, ei ståltakke, eller ein flat stein til å steika på. Uansett må du ha litt feitt som smør, olje eller ei grisasvor (frå den heile baconbiten tildømes) til å gni steikeflata inn med.

Hell røra på varmen og la stå til det boblar, snu kaka med varsemd og steik nesten like lenge på andre sida. 

Server med kokekaffi og eit stort smil!

 

Publisert 9. november 2017 kl 10.15
Sist oppdatert 9. november 2017 kl 10.15

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen