/ Turmat

Kjapp mat: Holsens sop i hop

Rask mat som passer bra når du egentlig vil eller må bruke tid på noe annet. Her er oppskrift på Holsens sop i hop!

Sist oppdatert: 20. juli 2022 kl 12.00
rask turmat
KVIKK LUNSJ: Denne nista er like god dagen etter, ifølge bror min. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Bror min er innom berre for å fortelja at han (i dag og) skal ut på ski. Han har ordna seg fri frå jobb og soli skin.

Sjølvsagt må dagen utnyttast! Han er kjapt innom meg berre for å henta noko, han har ikkje tid til å høyra om mine heimelege prosjekt. For eg er nemleg sprenggravid, immobil og godt misunneleg på han som skal ut på ski. Han skal opp 800 meter, det er meldt sol i mange dagar framover. Der ventar ei lita køye me disponerer.

Kjenner eg han og kompisene, blir det nok ikkje kortspel i fokus, det blir å finna linjer, køyra på, gønna på

– Ke ska du ha med deg å eta, spør eg.

– Holsens sop i hop, svarar han, og bablar om svinekjøt, egg og tacokrydder. 

Hm, egg og tacokrydder?

Eg vert nyfiken.

Bror min bur rett oppi bygdi, så eg stikk innom med kamera og får smaka litt. Det var knallgodt!

Han pakkar raskt matpakkane til seg og kompisene i sekken og fartar avgarde.

Maten laga han verkeleg på fem minutt. Så dette er maten for deg som likar digg, rask og mettende mat – som du eigentleg ikkje har tid til å laga, for du skal ut å nyta sol og sløsj.

Holsens sop i hop

Oppskrift til 3 personar (to lefser til kvar)

  • 500 g strimla svinekjøt (eller anna kjøt)

  • 3 egg

  • 1 pose tacokrydder

  • Ost (valfritt, om lag 50 g parmesan og  100 g Jarlsberg er godt)

  • Brun først kjøtet (du kan bruka anna kjøt) på steikepanna. Hiv oppi 3 egg og rør raskt rundt. Tilset krydderet, rasp oppi litt parmesan ost og sleng på nokre skiver med anna ost. Rør alt saman til ein brun masse.

  • Ha klar 6 lefser på kvart sitt ark med aluminiumsfolie eller anna innpakningspapir. Fordel massen frå steikepanna på lefsene.

Oppi kvar lefse:

  • 1 ss soltørka tomat i olje

  • Nokre bitar med hermetisk ananas 

  • 1/6 paprika i strimler

  • Eit par cherrytomater 

  • Nokre blad grønsalat

  • 1 ss tacosaus av valfri styrke 

  • 1 ss rømme om du vil eller har

God tur!

Holsen og «sop i hop»

«Sop i hop» er sognamål. Med det meinar me berre å ha i saman det du har for handa. Holsen er ein kompis av bror min.

Publisert 20. juli 2020 kl 12.00
Sist oppdatert 20. juli 2022 kl 12.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen