/ Turmat

Lag din egen beef jerky

Det er mykje næring i kjøtt, og næring treng du meir av på tur. Her får du oppskrift på tørka kjøtt, amerikansk spekemat, også kjent som Beef Jerky.

Sist oppdatert: 30. mai 2021 kl 07.00
hjemmelaget beef jerky
BEEF JERKY: Fås kjøpt i butikken, men du kan også lage det sjølv. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Beef Jerky er ein type marinert, delvis tørka kjøt. Dette er perfekt turmat som held seg lenge. 

Ein kan bruka storfe som er mest vanleg, men også kjøt frå hjort, elg og andre dyr kan nyttast. I denne artikkelen lærer du korleis du kan lage Beef Jerky sjølv.

Beef Jerky er ferdig etter ein halv dag med tørking, så dette er ekspress-speking, samanlikna med tørking av anna mat.

oppskrifter til tørket turmat sigrid henjum
Les også

Ingredienser 

  • 200 g kjøt i fine tynne strimler

  • 2 ss BBQ saus, HP-saus eller Workshester-saus

  • 1 ts urtesalt

  • Litt kverna pepar

 

Her kan du variera med saus og krydder, alt etter korleis du likar det. Nokon likar det med teriayki-saus eller sterk chilisaus.

Bruk kjøt med lite feitt, for feittet tørkar ikkje like godt og gjer at haldbarheita vert dårleg.

 Det kan vera lettare å skjera kjøtet i tynne strimlar om kjøtet fortsatt er litt frose.

Bland dei ferdigskorne kjøtbitane med marianden og set alt i kjøleskapet over natta.

 

Legg dei fint og flatt ut på eit bakepapir og tørk dei i steikeomnen, eller i ein dehydrator på 50 grader.

Avhengig av kor store bitane er treng dei 6-10 timar å å verta tørre. Dei skal vera mjuke men kjennast tørre ut, det er målet.

Mine bitar vart nokså sprø etter ei stund i ein boks, men det var også godt.

Kjøtet held seg lenge om du oppbevarar det kaldt og tørt.

Nyt saman med god drikke, som energi-påfyll i kneika eller i lavvoen, eller som ein fin forrett medan du ventar på middagen

Les også
Publisert 30. mai 2021 kl 07.00
Sist oppdatert 30. mai 2021 kl 07.00
 

Relaterte artikler

 
kantarell skogens gull
Turmat - sanking

De beste matsoppene

indisk turmat
Turmat - middag

Indisk linsegryte

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikk-mat på tur

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen