/ Turmat

Lag boller ute på tur

Nysteikte kveitebollar eller rundstykke med godt smør, det finst nesten ikkje noko som er betre! Kva med å laga dei ute på tur?

Sist oppdatert: 3. mars 2021 kl 16.08
boller på sjusteinsovn
BOLLER PÅ TUR: Eg laga gode kveitebollar og serverte kaffi til – det slo godt an. Prøv du óg! Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 3 minutter

Du kan laga din eigen omn ute – det einaste du treng er nokre nesten firkanta flate steinar, og det er lett å finne viss du ikkje er for kresen..

Poenget er å etablere ein plass der du kan fyre, og over der eit rom som du kan «lukke igjen» med ei steindør.

Det er dette rommet som vert bakaromnen, og her kan du laga akkurat det same som du lagar i omnen heime – pizza, bollar og småkaker. 

Grunnoppskrift

Start med å setta deigen. Her kan du variera med alt frå grove rundstykke med raspa gulrøter, eller søte fastelavnsbollar med vaniljekrem inni.

Her er ei grunnoppskrift på søte kveitebollar:

  • 1 liter heilmjølk

  • 50 g gjær

  • 1/2 ts bakepulver

  • 200 g sukker

  • 2 ts kardemomme

  • 200 gram kaldt smør

  • om lag 1,6 kg kveitemjøl

Om lag slik skal ein sjusteinsovn sjå ut:

bolle på sjusteinsovn
BOLLE I OMNEN: I ein sjusteinsomn kan du baka det sama som du gjer i omnen heime, som gode rundstykker. Foto: Sigrid Henjum

Framgangsmåte

Ha alt det tørre i ein bolle og kna inn smøret. Når smøret er «vekke» i mjølet, tek du i lunken mjølk og blandar alt godt saman. Er deigen for tørr, ha i meir mjølk, og er han for blaut tek du i meir mjøl.

Medan deigen hevar, kan du laga sjusteinsomnen din. 

Finn deg ein plass du kan rota litt, men det er lurt å spørja grunneigaren om lov om du er i næreleiken av folk. Leit rundt etter det du finn av stainar, men det er lurt at dei er litt tjukke slik at dei ikkje sprekk så lett. Når du har funne steinar som eignar seg set du i gang med å byggja omnen. Prøv å laga omnen stabil slik at den ikke veltar over baksten eller hendene. 

Lag grunnmuren med dei tjukkaste steinane du har funne. Over grunnmuren legg du ein stein som vert golvet i sjølve bakaromnen. Denne steinen bør vera nokså stor, slik at det er plass til tre veggar og ei dør oppå. Når tre veggar er lagt på plass, så legg du steinen som vert tak til omnen over. Då har du att ein åpen vegg på bakaromnen - her skal steindøra plasserast etter du har lagt inn det som skal steikast. 

Då er det klart til fyring

Lag eit godt bål i det nedste rommet i omnen. Det gjer ingenting om flammane kjem på utsida av bakaromnen, det kan du regulera seinare. Bruk gjerne pinnar med ein viss storleik slik at varmen held seg jamn ei stund. 

Når du har fått god varme i omnen tek du fram deigen, som har heva i ca ein time. Bruk olje i hendene for å forma bollane. Hiv litt mjøl i botn på bakaromnen, slik at bollane ikkje festar seg. Lag små bollar og legg innpå så mange du får plass til.

Hugs at dei hevar under steiking og difor treng litt plass rundt seg. Set på døra til bakaromnen og vent minimum 10 minuttar, kanskje lenger.

Bollane er ferdige når dei er lysebrune på oppsida og heilt brune under. Ta først ut ein som du deler for å sjå om dei er ferdige.

Del opp og server med godt smør, og kanskje brunost eller heimelaga bringebærsyltetøy.

Mmmmm!

Våre beste turmatoppskrifter!

Utemat

Skjermbilde 2016-10-04 kl. 14.54.57

Sigrid er UTEs faste turmat-spaltist. Hun driver Sogndal Lodge & Guiding og jobber som både kokk, foredragsholder og turguide. Hun har blant annet padlet kajakk rundt Nordaustlandet, gått på ski over Grønland.

Publisert 3. mars 2021 kl 16.08
Sist oppdatert 3. mars 2021 kl 16.08

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen