/ Turmat

Kan du spise løvetann?

Tru det eller ei, men løvetann som veks overalt, og som sprett opp heile sommaren, er ei av dei mest næringsrike plantene me har. UTEs turkokk Sigrid Henjum deler sine oppskrifter.

Sist oppdatert: 25. mai 2021 kl 16.06
løvetann kan spises
LØVETANN: Ingenting på løvetanna er giftig. Heile løvetannplanta kan etast, både blome, blad, stilk og rot. Foto: Gunhild Aaslie Soldal
Lesetid: 2 minutter

Løvetann er ein blomst som er lett å kjenne igjen. Ikkje mange plukkar løvetann som mat, så du slepp å stå i kø. Heile løvetannplanta kan etast, både blome, blad, stilk og rot.

Her får du tips til korleis du kan spise og kva du kan lage av løvetann. 

Løvetann er proppfull av C-vitamin og med meir A-vitamin i seg enn spinat! Og den er heilt gratis.
 

Pynt med løvetannblomst  

Blomen er god, den kan du eta slik den er, eller du kan bruka den som dekor både på kaker, i salaten eller på tallerken.

Blada kan brukast i smoothien på morgonen, eller i salaten i lag med anna salat. Bruk då unge små blad.

løvetann mat
BLOMST OG BIE: Løvetann veks vilt. Foto: Sigrid Henjum

Kokt løvetann-rot 

Rota på løvetann må kokast ei stund for å få vekk bittersmaken, men gjer du det smakar rota litt som gulrot.

Løvetann-sirup

løvetann-sirup
SIRUP AV LØVETANN: Gode søtsaker. Foto: Line Hårklau
 

Plukk gule løvetannhovud og rens vekk alt det grøne.

Det gule på blomsten har du i ein kasserolle, så mykje du orkar plukka.

Fyll med vatn, dobbelt så mykje som mengda blomar.

Kok blandinga til vatnet er halvert. Sil då i frå blomen og ha i sukker. Mengda skal vera halvparten av vatn som er att (har du att 1 liter væska, tilset du 5 dl sukker).

La væska og sukkeret koka inn til ein passeleg sirup. Du kan leggja ein drope på eit fat, lata han avkjøla seg og sjå at konsistensen er sirupaktig.

No skal han vera gul, søt og klissete. Perfekt på små glas som gåva eller på kjøkkenhylla.

Sirup kan du også ha i teen heile vinteren for å halda på friske solgule tankar. Den passar også godt i brennesle-teen eller på gode ostar. 

Her finner du flere turmat-oppskrifter! 

Publisert 25. mai 2021 kl 16.06
Sist oppdatert 25. mai 2021 kl 16.06
 

Relaterte artikler

 
kantarell skogens gull
Turmat - sanking

De beste matsoppene

indisk turmat
Turmat - middag

Indisk linsegryte

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikk-mat på tur

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen