/ Turmat

Indisk treretters - turmat

Indisk mat er ein av mine livrettar, og eg veit eg ikkje er åleine om å elska dette eksotiske kjøkkenet. Kan ein laga indisk mat på tur? Sjølvsagt!

Sist oppdatert: 6. oktober 2021 kl 17.41
indisk turmat sigrid henjum
Uteservering: Indisk mat kan lagast og serverast på ei bryggja langs fjorden. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 4 minutter

Ein indisk kokk hadde nok ikkje hylt av glede over mine indiske rettar – eller jau forresten; om han hadde fått det servert på ein norsk støl om sommaren. . Eller ved Sognefjorden ein gnistrande dag! 

Oppskriftene som blir presentert her er til 3-4 personar. Noko lagar du klar heime, resten når du er framme.

Kylling Tandoori

Heime:

4 rå kyllingfiletar i terningar

4 skiver fersk ingefær, kutta i småbitar

1/2 kinesisk kvitlauk, eller 2 fedd kvitlauk

Gul lauk – skjer i bitar 

Mykje tandoorikrydder

Litt ekstra chili, fersk eller som krydder

1,5 dl matfløyte og ei skei matyoghurt

Bland alt dette saman og ha det i ein pose til å ta med ut på tur. Om du er redd kjøtet skal verta dårleg, steik det heime først – eller om det frys på tur; pakk det i ein klump som får plass i gryta. 

Ute på tur: 

Ha i meir matyoghurt og ein halv boks med hakka hermetiske tomater, eller to tomater i små bitar.

Kok til kjøtet er gjennomsteikt. 

Saag Paneer

Ute på tur: 

Ha litt olje eller smør i ei panne saman med litt finhakka kvitlauk og ei spiseskei med heil spisskummin. 

Hiv oppi ein pose med forvella og hakka spinat (finst i frysedisken), tilset litt fløyte, salt, pepar og litt chili. 

Server med ein god ost som du likar – til dømes geitost, brie eller anna vellagra ost. 

Pilao-ris

• Ris (porsjonspakkar)

• Litt kanel

• Litt rosiner

• Litt chili

Eventuelt litt god olje

Ute: Kok opp ris i pose (det er mykje lettare å vaska opp sidan det ikkje svir seg). Risen kan vera Basmati- eller Jasmin-ris. Ha i salt, kanel og kardemomme i risvatnet medan det kokar.

Når risen er ferdig tek du han ut av posen og opp i panna, for då er det på tide å tilsetja rosiner, litt meir kanel og litt chili.

Ha gjerne i litt god olje om du har. 

Naanbrød

Naanbrød finst i mange variantar, men min favoritt  er peshawari naan, med søt smak av mandel og kokos. Du kan også ha naanbrød naturell, med kvitlauk eller med ost på. 

Heime:

Lag naanbrødet sjølv, la det heva i ein boks til du steiker det på ei steikepanne rett før det skal serverast. 

Oppskrift:

2 koppar kveitemjøl

litt salt

litt sukker

1/2 pose turrgjær

Bittelitt bakepulver

Nok fløyte eller yoghurt til at massen vert seig og litt tjukkare enn graut

La det heva til dobbel storleik. 

Ute på tur: 

Peshawari naan: Ha ein god smørklump på panna i lag med litt sukker, hakka mandlar og litt kokosmasse. Hell røra/deigen på og steik til det er ferdig på begge sider. Pass på varmen så det ikkje svir seg.

Det er best med gass her, slik at du får skrudd ned varmen. Hugs å ha på lokk!

Den same blandinga kan nyttast til ei brødskive, eit pitabrød eller eit polarbrød – alt treng ikkje vera vanskeleg eller avansert!

Vil du ha med kvitlauk, kuttar du han opp og steiker i smør, før du har i røra. Og vil du ha ost på, steiker du på ei side først, og har på osten rett etter at du har snudd brødet. Ha på lokk og osten smeltar. 

DESSERT:

Mango Lassi 

Når ein har ete eit heitt indisk måltid er det nydeleg med mango lassi etterpå – men om du er på tur vil du ofte ha noko heitt i koppen.

Her er termos-versjonen av mango lassi, som er ein indisk mangodrikk. 

Heime:

Ha 1-2 nyskrella mango (utan steinen sjølvsagt!) i ein blendar.

På førehand lagar du ein sukkerlake med ingefær – det vil seia 3 dl vatn, 1,5 dl sukker og to skiver ingefær som du kokar inn i omlag 10 minutt.

Ha laken oppi blendaren og bland til ein jamn suppe.

No kan du ha suppa tilbake i panna for å varma opp, og så kan du ha suppa på ein termos.

Perfekt dessert! 

UTE: 

Dersom du vil toppa det heile, tek du med deg ein boks (eller brødpose) med kesam vanilje eller lime og blandar litt kanel i.

Legg ein klatt i suppa når han er kommen i koppen, og det er klart til servering. 

Publisert 6. oktober 2021 kl 17.41
Sist oppdatert 6. oktober 2021 kl 17.41

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen