/ Turmat

Potetlefser på primus

Lomper og lefser kan du laga heile året. Og ja, du kan sjølvsagt steike dei ute i ei turpanne. Her får du oppskriften til Sigrid Henjum sine potetlefser!

Sist oppdatert: 29. september 2023 kl 07.00
potetlefse turmat
LEFSEGODT: Du kan gjere potetlefser på tur til eit lite prosjekt ved å laga dei sjølv og kanskje steika dei ute? Perfekt for barnehagar eller som julekos for heile familien. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 3 minutter

Potetlomper eller potetlefser har mange lokale namn, variantar og ikkje minst lange tradisjonar. Prøv å laga dine eigne lefser, dei vert endå bedre enn dei du kjøper i butikken.

Fyllet bestemmer du sjølv, men denne julelefsa kan eg tilrå på det sterkaste!

Her følger framgangsmetode om du vil prøve å lage lefser på primus eller bål med tursteikepanne.

Oppskrift på potetlefser til primus

Til om lag 15 lefser

1,2 kg poteter

50 g godt smør

1/2 dl surmjølk

2 ss sikta sammalt rugmjøl

3 ss sikta kveitemjøl

Mykje kveitemjøl til utbakinga

 

Julefyll

Ribberull eller sylte

God sennep

Sylta rødbetar

 

Utstyr:

• Kjøttkvern eller stavmiksar

• Kjevle, steikepanne

• Steikespade (helst tynn, gammaldags i metall)

• Varmekjelde (straum, bål eller primus)

Framgangsmåte  

Potetene skal kokast med skallet på. Skrell dei medan dei er varme eller lunkne. Køyr dei gjennom ei kjøttkvern 2 gonger om du har det. Har du ikkje det kan du bruka stavmiksar eller kjevle og gaffel. Poenget er at dei skal vera mosa grundig sammen til ein jamn klissete masse.

Tipset er å ringa på hjå ho gamle dama som bur attmed deg, eller hipsteren som lagar pølsene sjølv – dei har kjøttkvern, garantert.

Dei beste potetene til lefser

Potetsorter som Beate, Kerrs Pink og Astrix passar godt til baking av potetlefser.

Dei eldre meinar at ein bør bruke fjorårets poteter, men no til dags er det ikkje så mange som har poteter liggande i kjellaren. Men har du det, så veit du no kva du kan bruka dei til!

Rør ut smelta smør og surmjølk saman med mjølet i ein stor bolle før du har i potetmassen. Kna alt godt saman. Deigen skal vera fast og fin, men ikkje tørr. Tilset meir surmjølk om det er tørt og meir mjøl om det er for klissete.

Ha rikeleg med mjøl på benken og del deigen opp i bitar på storleik med små tennisballar. Om du vil ha dei «perfekte» kan du bruka eit grytelok til å stikka ut lefsene med, etter at du har kjevla ut. Då vert dei runde og fine. Eg tykkjer det er litt av sjarmen at dei ikkje skal vera heilt like…

Slik kan du anten steika lefsene heime og ta med ut på tur. Bruk tørr steikepanne eller ei takke. Steik lefsene på begge sider til dei er vortne lysebrune eller brunprikkete.

Du kan ta med pålegg, pølser eller anna digg å ha på ute, eller du kan fylla dei heime. 

Gluten- eller laktosefrie alternativ


Glutenfrie lefser: Byt ut kveitemjølet med glutenfritt mjøl. 
Laktosefrie lefser: Byt ut smør og mjølk med litt vatn, olje og eventuelt havremjølk. 

Vis mer

Det går også an å legga dei rå potetkakene med rikeleg med mjøl og eit matpapir i mellom.

Slik kan du frakta dei med deg ut og hiva dei rett i ei tørr steikepanna på bål eller primus.

Endå lettare er det å ta med seg heile deigen ut på tur, klappa til kakene i hendene med rikeleg med mjøl og steika dei slik, altså utan å kjevla dei ut. Tjukke potetkaker er også godt!

Ei steinhelle fungerer like godt som steikepanne viss du vil prøva det.

Gjør potetlefser på tur til eit lite prosjekt ved å laga dei sjølv og kanskje steika dei ute.


Enda mer lettvint

Gjer det enda meir lettvint med å kjøpa ferdige potetlefser på butikken og berre varma dei på steikepanna på bålet.

Eller kanskje potetlomper laga med potetmos frå pose?

Ditt val, for det viktigaste er å komma seg ut og nyta god mat ute.

LEFSEGODT: Du kan gjere potetlefser på tur til eit lite prosjekt ved å laga dei sjølv og kanskje steika dei ute? Perfekt for barnehagar eller som julekos for heile familien. Foto: Sigrid Henjum
SMAK AV JUL: Unn deg godt pålegg desse lompene. Foto: Sigrid Henjum

Flere turmat-oppskrifter

Turmat

12-50-12_200px

Sigrid er UTEs populære turmatekspert. Vi får stadig tilbakemeldinger fra lesere som har hatt suksess med oppskriftene hennes.  Sigrid bor i Sogndal og er lommekjent i Sogn, men hun har også vært på turer til Grønland, Svalbard og Lofoten. Sigrid er utdannet sykepleier, og driver Sogndal Lodge & Guiding. I høst ga hun ut boka Et Ute, som nylig i nytt opplag.

Publisert 26. november 2018 kl 12.25
Sist oppdatert 29. september 2023 kl 07.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen