Ei påliteleg kjelde, Siri Helle, forfattar i Dag og Tid, seier at økologiske havregryn verkeleg er forskjellig frå vanleg havregryn. Det har eg tiltru til og tilrår difor økologiske havregryn av klima- og helsemessige årsakar.
Eg har brukt tranebær og cashewnøtter i denne energibaren.
Oppskrift
9 dl store økologiske havregryn
200 g sukker
3 egg
3 eggekvitar
1 glas (350 g) peanøttsmør
120 g tranebær/cashewnøtter eller sjokolade
Framgangsmåte:
Visp dei 3 eggekvitane stive og tilset dei andre ingrediensane i ein stor bolle.
Bland alt saman med ei sleiv eller miksmaster. Hell deretter røra på bakepapir i ei passeleg form, alt etter kor tjukke du vil ha barane.
Her kan du bestemma korleis du vil ha barane dine.
Steiker du «kaka» 3 centimeter tjukk, vert barane mjuke bitar i plastfolie.
Steiker du ho 1 centimeter tjukk, vert barane sprø barar i matpapir.
Steikast på 160 grader i 25-30 minutt.
Stao pao!