/ Turmat

Lag hamburger ute på tur

Burger med eller utan kjøtt? Som turmat hamburger godt eigna. Her får du oppskrift på Sigrids to favorittar!

Sist oppdatert: 21. september 2023 kl 07.00
Hamburger på tur
FYLDIG TURBURGER? Når du er svolten etter dagens innsats, er det lite som slår ein god burgar. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 3 minutter

Etter ein lang tur er det ikkje noko som er bedre enn å gi seg over ein god hamburgar. 

Det er også godt eigna turmat når det er fleire i turfølget som har litt ulike behov eller ynskjer. 

Hamburger med kjøtt   

6 burgarar 

  • 800 g kjøttdeig (bruk kjøttdeig, karbonandedeig eller farse av viltkjøt som hjort, elg eller rein) 

  • 1 egg

  • 2 ts salt

  • litt pepar

  • 0,5 dl mjølk

  • 1/4 ts chilipulver

  • 1 fedd kvitlauk

  • 10 skiver finhakka sylteagurk

Vegetarburger med sellerirot 

Eit vegetarisk alternativ

  • 2 passeleg store sellerirøtter

  • 1 egg

  • 1 ss rapsolje

  • 2 ss kveitemjøl

  • 2 kvitlauksfedd

  • Salt, pepar, chilipulver

Rasp to sellerirøtter, men pass pååskrella dei først, fåvekk alt som er svart.

Bland saman med eit egg, kveitemjøl, rapsolje, kvitlauksfedd, salt, papar og litt chilipulver. Du kan droppa både egg og kveitemjøl om du vil. Mosa kikerter kan dåhjelpa for åfåburgarane til åhenga i hop.

Ha alt i ein brødpose med deg ut på tur. Sjå om du finn ein flat stein som du legg over bålet, her kan du steika hamburgarbrød, medan du steiker sellerirotburgarane på ei steikepanna.  

Som salat kan du bruka steikte grønsaker, som lauk, brokkoli, gulrøtter eller kva du ynskjer. Svi dei litt i ein kasserolle- det gjer ingenting om det smakar litt bål. Men ha godt med olje og sesamfrø oppi, gjerne litt soyasaus og. Server det heile saman med tyttebærdressing, som er rømme og tyttebærsyltetøy, med litt salt og pepar.

Oppskrift på turdessert? Sjekk for eksempel kake på primus og sjokoladefondant i appelsin.

Hjemmelaget hamburgerbrød

Hamburgerbrød får du i butikken. Viss du vil laga hamburgarbrød sjølv, kan du bruka denne oppskrifta:

  • 400 g mjøl (halvparten grovt og resten fint)

  • 1 pk tørrgjær

  • 0,5 ts salt

  • 2,5 dl mjølk

  • 2 ss rapsolje

Bland det tørre og ha i fingervarmt mjølk og smør. Elt deigen godt, hev deigen i ein time før du trillar ut og klappar bollane flate til hamburgarbrød.

Hev vidare i 45 minutt før du steiker dei i 10 minuttpå 225 grader midt i omnen.

Om du ikkje vil laga brød sjølv så kan du bruka polarbrød eller kjøpte hamburgarbrød.

Smør undersida av toppen inn med ketsjup eller anna tomatsaus. Botnen dekkar du med ein saftig salat.

Salat 

  • 2 raspa gulrøtter

  • 2 raspa eple

  • 3 ss rømme 

  • 1 ss tyttebærsyltetøy

  • salt og pepar

Det kan vera lurt å leggja blandinga i ei sil i ti min slik at det kan renna av seg før du legg salaten på burgarbrødet. 

Brøda med tomatsausen og salaten legg du saman.

Så kan du leggja brøda inn i foliepakkar, slik at dei er enkle å ta med seg og varma opp.  

Bacon og ost er perfekt tilbehør! 

Sigrid Henjum

Sigrid er UTEs turmatekspert. Sigrid bor i Sogndal hvor hun driver Sogndal Lodge & Guiding. Hun har lang erfaring som både turguide og kokk og har skrevet boka Et Ute. Her finner du flere turvennlige matoppskrifter.

Publisert 7. juli 2020 kl 00.00
Sist oppdatert 21. september 2023 kl 07.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen