/ Turmat

Gryte pakket i tortilla

Gryte i tortilla er enkel turmat som held seg godt på tur, og som du kan laga både heime før avreise og ute på tur!

Sist oppdatert: 13. juli 2023 kl 00.00
tortilla turmat sigrid henjum
TIDENES MATPAKKE:  Gryte i tortilla er like godt som det er genialt enkelt på tur! Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Dette er genial turmat og middagsrett.  Bruk ingredienser du har tilgjengelig, eller som du likar best.

Her er eit forslag som i hvert fall vi har gode erfaringar med!

 

Turmiddag  

Til 4 svoltne personar

8 grove lefser eller potetkaker

600 g kjøtdeig av hjort, storfe eller elg

1 ss godt smør til steiking av kjøt og sopp

3 ss solbærsirup eller anna konsentrert saft av til dømes rips og bringebær

1 pakke seterrømme

150 g sopp, aromasopp frå butikken eller kantarell/piggsopp frå skogen

1 raudlauk

Litt grønkål, om lag 3 store blad

2 raspa eple

1 pakke Snøfrisk (med kantarell om du finn den varianten)

Nokre tyttebær

Salt og pepar

 

Framgangsmåte

Smør ost på den eine sida av alle lefsene.

Steik kjøtdeigen godt, krydra godt med salt og pepar.

Bland i eit beger med sæterrømme og ha i solbærsirup.

Steik soppen for seg med litt smør, salt og papar.

Legg ei tjukk stripe midt på lefsa med kjøtblandinga. Strø over finhakka raudlauk, grønkål, raspa eple og til slutt nokre tyttebær.

For ei smaksoppleving!

Pakk lefsene inn i matpapir og et dei kalde eller bruk aluminumsfolie om du vil varma dei på bålet.

Du kan også bruka ei steikepanna med lok over svak varme, for å varma dei litt før servering.

Retten kan brukast både som nistemat og fullverdig middag på tur.

Flere turmat-oppskrifter

TIPS

Er du ein brunost-elskar kan du byta ut sirupen i kjøtfyllet med 5-10 skiver med brunost eller brun geitost. Det blir knallgodt! 

Publisert 17. november 2020 kl 07.00
Sist oppdatert 13. juli 2023 kl 00.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen