/ Turmat

Grønlandsk salat

Du har kjøpt inn grillmat, men salaten treng du ikkje kjøpa på butikken! Salaten, den veks i hagen eller rett oppi hogget.

Sist oppdatert: 7. juli 2020 kl 12.00
turmat grønlandsk salat sigrid henjum
SOMMERSALAT: Både engsyre, rosenrot og løvetann er fullt spiselig. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Denne salaten fekk eg servert på Aust-Grønland hjå ein inuittfamilie til ovnsbakt aure.

Med ei balje og ei saks hadde mora i huset vore oppi bakken og henta inn tre ingrediensar: Små friske løvetannblad, blad frå engsyre og rosenrot.

Desse blada kutta ho berre opp og blanda saman. Godt og gratis frå naturen. 

Løvetann

Løvetann og engsyre finn du over alt. Løvetann inneheld ei rekke vitamin og mineral og har vorte brukt som folkemedisin langt tilbake i tid.

Engsyre

Engsyre inneheld mykje C-vitamin og smakar syrleg og godt.

engsyre
ENGSYRE: Finst i enger og på beite. Foto: Sigrid Henjum

Rosenrot

Rosenrot finn du langs fjøresteinane eller på svaberg. All rosenrot kan etast, og han finst med raude (ho) eller gule (han) blomster.

Finn du nokre som har rosa blomster er det ein tillaga plante. Den er ikkje farleg å ete, men har ikkje dei fantastiske eigenskapane som «ekte» rosenrot har.

Rosenrot har vorte brukt både i Noreg, Island og Grønland i lange tider som menneskemat og dyrefor. Rosenrot er Nordens ginseng og viagra og alt på ein gong. Googlar rosenrot kan du lesa meir om alle dei gode eigenskapane. Og når det endåtil smakar godt, er det berre å gafla i seg til grillmat, fisk eller berre åleine med ein god dressing på.

For å gjera salaten meir tilpassa vår søte gane kan du til dømes laga ein god honningdressing.

(Men det er det bitre i planta som gjer det sunt, så om du er oppteken av det sunne framfor den søte smaken, kan du ha på dressing på halvparten av salaten og eta delen utan dressing først.) 

STILLE, STILLE: Ingen motordur, bare lyden av årene som treffer vannet. Å padle på et av verdens mest øde steder er godt for sjelen. Det nærmeste fjellet er av is. Foto: Paal Audestad
Les også

Honningdressing til salaten:

0,5 dl eplejus

2 ss honning

1 ts god balsamico

sitrondråpar

nykverna pepar

Sigrid Henjum er turmatspaltist på utemagasinet.no. Her finner du flere oppskrifter.

Publisert 7. juli 2020 kl 12.00
Sist oppdatert 7. juli 2020 kl 12.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen