/ Turmat

Frisk vårsuppe med rødbeter

Suppe egner seg fint som turmat eller ute når det blir varmare i sola. Turkokk Sigrid Henjum har oppskrift på rødbetsuppe.

Sist oppdatert: 28. februar 2022 kl 06.59
rødbetsuppe suppe på tur
TURMENY: Vårsuppe, som kan lagast heime og bli med på tur. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Naboen min kjem frå Litauen og det var i hagen hennar eg fekk smaka denne suppen første gongen. Ho fortalde at det var typisk mat som bestemor hennar laga i heimlandet.

Eg gjekk straks til innhandling og tok med meg familien på tur – med suppe på lur.

Alle ville ha påfyll, suppen vart godkjend. Fargen er søt, smaken er syrleg og det er god motstand i ingrediensane.

Denne rødbet-retten kan lagast som suppe eller salat. Retten held seg i fleire dagar, så lag rikeleg, så har du både til lunsj og kvelds.

Rødbetane er best om du kokar dei, men suppa kan og lagast med raspa rå rødbetar.

Vårsuppe

til 4 personar 

500 g rødbetar, kokast til dei er møre i vatn med litt salt og litt eddik, eller raspast rå.

Vatn

2 ss eddik

1 ts salt

 

Til suppa:

0,75 l kefir

2 dl rømme

1 slangeagurk eller tilsvarande sylteagurk

2 vårlauk

1 ts salt

4 egg

Litt dill, fersk eller tørka

 

Pisk godt saman kefir og rømme og ha dei finhakka ingrediensane oppi. Egga kan du og ha oppi, men også spara nokre til å ha på toppen. Lat blandinga stå i minst ein halvtime (eller medan du forflyttar deg ut i naturen) slik at smakane får blanda seg og fargen komma fram.

Server med varme poteter som du kokar ute på tur.

God tur!

Sigrid Henjum er UTEs faste turmatspaltist. Her finner du flere turmatoppskrifter 

Publisert 6. april 2021 kl 06.59
Sist oppdatert 28. februar 2022 kl 06.59

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen