/ Turmat

Flamberte molter

Smak av haust? Molter er fantastiske bær som blir endå betre etter ein tur i tursteikepanna. Om hausten kan ein plukka desserten undervegs!

Sist oppdatert: 8. september 2022 kl 00.00
molter
GODT MODEN: Å komme over en rik moltemyr er godt som gull!  Foto: Gunhild Aaslie Soldal
Lesetid: 2 minutter

Finn du molter, er du heldig.

Ta med deg litt ingredienser i tillegg til steikepanna, så har du snart restaurant-dessert på eit blunk.

Flamberte molter eller blåbær er nydeleg dessert. Plukk så mange molter eller bær du gidd, men dette er godt, så det er fint om alle får i alle fall ei god skei kvar.

Ingredienser

Nyplukka molter

Cointreau (likør)

Brunt sukker

Til kvar store skei med bær tek du ei halv skei med brunt sukker og blandar inn. Rør eller la det stå til sukkeret er oppløyst. Smak til med Cointreau (appelsinlikør som passar godt, men ikkje ha i for mykje) og legg blandinga i steikepanna.

Om du er på ein luksustur og kan ta med deg kremfløyte og seterrømme, kan du laga ein knallgod krem attåt. Visp krem og ha i nesten like mykje seterrømme.

Bruk litt av sausen til bæra (med likør og sukker blanda inn). Bland i hop, og alle kjem til å trygla etter meir av denne kremen.

Set steikepanna med bær, sukker og likør på bålet.

Når det vert varmt nok, tek panna fyr! Flotte, blå flammar dansar i panna og det er berre å ha kameraet klart. Serverast varmt med eller utan luksuskremen.

Lukke til og ver varsam med flammane!

23-39-30_lightboxorg

Sigrid Henjum er turmatekspert i UTE. De beste oppskriftene er samlet i turkokeboka ET UTE.  

Flere turmatoppskrifter

Publisert 15. september 2017 kl 10.59
Sist oppdatert 8. september 2022 kl 00.00

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen