/ Turmat

Fiskegryte på primus

Nyt lange sommarkveldar på eit svaberg, med gryta putrande på primusen.

Sist oppdatert: 18. juni 2018 kl 08.30
THAI PÅ TUR: Ei fiskegryte som er rik på smak. Foto: Sigrid Henjum
THAI PÅ TUR: Ei fiskegryte som er rik på smak. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 1 minutter

Dette er ei enkel fiskegryte, rask å hiva i hop, med eksotisk smak. Du treng berre ei panne, så oppvasken vert minimal. 

Til 4 personar
300 g fisk i store terningar, til dømes laks og torsk
200 g eggnudlar
1 lauk
1 kinesisk kvitlauk
1 klump fersk ingefær på storleik med ein golfball
2 ss tomatpure
2 ts raud currypesto
2 bokar kokosmjølk
2 gulrøtter
Litt olje
Ei klypa salt 

Skjer opp lauk, kvitlauk, gulrøter og ingefær i små bitar og fres i litt olje. Tilset tomatpure og currypasta, rør saman. Ha i to boksar med kokosmjølk og kok opp. Knus nudlane i mindre bitar før du strør alt rett i gryta. Del fisken opp i terningar og legg dei i gryta på heilt svak varme. Rør berre om ein gong, slik at fisken held seg nokolunde heil. La gryta kvila i 5 minutt slik at nudlane får svella. Gryta er ferdig når fisken dett frå kvarandre. Smak til med salt. 

Server med godt brød og ein limebåt. 

Publisert 18. juni 2018 kl 08.30
Sist oppdatert 18. juni 2018 kl 08.30

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen