/ Turmat

Fish’n chips på tur

Frityr er jo fy-fy, med olje på høg varme. Ikkje verken miljøvenleg eller sunt, men farleg godt. Eg ville prøve det på Finnmarksvidda.

Sist oppdatert: 17. august 2020 kl 12.38
fish and chips på tur
FISH AND CHIPS: Det er svært viktig at du passar på at oljen ikkje tek fyr, for det kan skje om det vert for heitt. Det gjeld også på tur! Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Ein liten kjele gjer at du treng mindre olje. Frityrolje kjøper du på matbutikken.

Kva du vil frityrsteika er opp til deg – «påmfri», berlinerboller eller kva med fritert banan? Eg ville testa «fish’n’chips», midt på Finnmarksvidda.

Eg tykte det var nok med ein ting i olje, så difor vart det «fish ́n mos» i staden..

Utstyr 

Kokeapparat

Kjele med lokk

Gass  

 

Ingredienser 

Pannekakerøre (enten pulver som ein rører ut med vatn, eller ferdig røre heimefrå)

Nok fisk (rekn med om lag 150-200 gram per person)

Salt og pepar


Rotmospulver og vatn 

1 liter frityrolje  


Slik vart det

Eg sette meg til i forteltet, med døra open og eit lok tilgjengeleg. Det er viktig å passa på at oljen ikkje tek fyr, for det kan skje om det vert for heitt.

I så tilfelle må ein sløkka med å ha på eit lok, ikkje ha på snø eller vatn, då vert det eksplosjon! Det er difor lurt å prøva dette under open himmel.

Eg skaffa meg ein fin skrei i nord, så hovudingrediensen var på plass. Det vart eit par minusgrader, så fisken vart halvfrosen før eg rakk å angripa han.

Eg laga pannekakerøre av pulver frå pose, med litt ekstra salt og pepar i, og hadde mindre vatn enn normalt i røra, slik ho vart tjukk og fin.

Så kokte eg opp vatn før eg varma oljen, slik at eg kunne gjera mosen ferdig. Eg blanda vatn med rotmospulver, og mosen kunne venta på selskap.

FRITERT FISK: Salt, feitt og svært godt! Foto: Sigrid Henjum
FRITERT FISK: Salt, feitt og svært godt! Foto: Sigrid Henjum

Oljen varma seg opp og det bobla små bobler. Eg plasserte ein liten dråpe med røre oppi for å sjå
at han vart brun. Så rørte eg fisken inn i røra, og
la oppi ein bit i oljen. Spanande!

Det fresa godt rundt biten, men den sette seg fast i botnen. Eg pirka han laus og så bobla han fritt rundt. Når deigen rundt var vorten fin og brun, fiska eg han opp.

Sidan me var både kalde på fingrane og godt svoltne, åt me den feite fine fisken etterkvart som han kom opp or oljen. Så utruleg godt! Ferskt, salt, feitt og varmt – då treng ein ikkje meir!

Sigrid Henjum er fast turmatspaltist i UTE. Mange av de beste oppskriftene er samlet i turkokeboka ET UTE

 

Publisert 17. august 2020 kl 12.38
Sist oppdatert 17. august 2020 kl 12.38

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen