Om du bur i nord eller sør: Det er no du skal stikke ut og for ut og finna friske skot og fine fargar i naturen.
På forsommaren sprett det opp mat frå bakken, fulle i vitaminar og mineral. Lag deg ein salat eller pasta og nyt den i fulle drag.
Ingredienser
2 personar
300 g pasta i tørrvekt
Pastasaus
4 ss lettrømme
2 ss majones
Litt parmesan eller raspa kvit geitost
Smak til med urtesalt
Framgangmåte
Kok opp valfri pasta, gjerne fullkorn både fordi det mettar meir og fordi det er sunt.
Rør inn sausblanding og køyr på med det du finn av etande vekstar (sjå tips lengre ned i artikkelen).
Bland alt i hop og rør inn i nykoka pasta. Pasta er super turmat!
Her er det eg fann på min tur
Gauksyre

Stemorsblomst

Engsyre

Granskot

Engkarse

Du kan også bruke:
• Unge geitramsskot
• Ramslauk
• Løvetann, både blad og blomst
• Blåklokker
• Bergmynte
• Raudkløver
Er du usikker, finn fram floraen, eller ta med deg ein venn som veit. Det finst giftige planter og blomster ein ikkje skal eta. Bruk og sunn fornuft på kvar du plukkar det du skal eta.
Litt lenger inn i skogen er som regel litt bedre enn rett ved vegen, der mange kan gjort sitt «ærend».
Vær også litt nøye når du plukkar etande grønt, plukk berre det du skal og ikkje noko anna.