Det er mange variantar av dette brødet. Du ha kan i mange ulike ingrediensar, som nøtter, frø, frukt og sjokolade. Også «supermat» kan blandast i, som accai, hamppulver eller goji-bær.
Her har eg laga ein variant som eg testa ut på skitur på Svalbard, og det smaka like godt etter seks dagar.
Brødet kan verta noko tørt, men om du et det i lag med suppe eller varm drikke fungerer det fint.
Ingrediensar
750 g samalt grovt kveitemjøl
250 g sammalt fint mjøl
100 g fint spelt eller kveitemjøl
200 g mandelmjøl
200 g kokosmasse
200 g tørka fiken
100 g solsikkefrø
150 g tørka tranebær
300 g salte macadamia, mandlar, cashew og peanøtt mix
150 g kokesjokolade
1/2 liter mjølk
200 g honning
200 g smør
0,5 dl raps olje
200 g Loganbrød og ein kopp med varm drikke gir deg 750 kaloriar
– Då er du rusta til å gå heilt fram til Klemsbu frå Finse på ski. Ta med noko ekstra mat i lomma tilfelle dei ikkje sel vaffler på Klemsbu nett denne dagen. Håpar du har god gli!
Framgangsmåte
Ha alle dei tørre ingrediansane i ein bolle.
Smelt smør, og bland saman honning, mjølk og olje.
Hell i bollen med det tørre og bland godt saman. Dette passar i ei vanleg langpanne. Legg i bakepapir og trykk massen ut til ei flat kake, som då vert 3-4 cm. Steik på 175 grader i ca 40 min.
Skjer brødet opp i firkantar før det er heilt avkjølt. Set til kjøling og pakk så kvar bit inn i matpapir, plastfolie eller ha dei i ein matboks.