Energikuler er kjekt å pakke med som nødproviant eller ekstra kos på turen.
Sjokolade og nøtter er uslåeleg kombinasjon kvar for seg, men i denne oppskrifta jobbar dei saman.
Ingredienser
200 g mjuke dadlar (gjerne økologiske)
200 g rå cashewnøtter uten salt
100 g smelta kokesjokolade eller anna mørk sjokolade
250 g salte cashewnøtter
TURMAT
Sigrid Henjum er UTEs faste turmatskribent. Her finner du enda flere turmatoppskrifter.
Slik gjer du:
Legg cashewnøttene i vatn i omlag 1 time.
Sil av nøttene og ha dei og dadlane (uten stein) i ein foodprossesor.
Køyr i eit par minutt før du tilset halvparten av dei salte cashewnøttene og smelta, avkjølt sjokolade. Køyr alt saman til det blir ein nokså jamn, klissete masse.
Vask og tørk foodprossesoren og køyr resten av dei salte nøttene til det blir små bitar.
Legg «strøet» på eit flatt fat.
Lag små kuler av massen og rull dei i knuste salte nøtter.
Legg dei ferdige kulene ut på matpapir og set kaldt.
Når dei er avkjølte, kan du pakka dei ned i små boksar, klare til tur.
Kulene held seg heilt til våren om dei får stå kaldt, men du har sjølvsagt ete dei opp lenge før det.
TIPS
Ta litt olje i hendene når du skal rulla kulene, så blir det ikkje så klissete.