/ Turmat

Energikuler med dadler og nøtter

På vinteren er det fint å få i seg god og rask energi for å nå toppen på ski. Cashewnøtter og dadlar med litt salt og sjokolade held seg lenge, og smakar utruleg godt.

Sist oppdatert: 14. januar 2020 kl 08.00
energikuler
Energi: Fine å sjå på, smakar godt og gir deg siste giret opp bakken. 
Lesetid: 1 minutter

Energikuler er kjekt å pakke med som nødproviant eller ekstra kos på turen.

Sjokolade og nøtter er uslåeleg kombinasjon kvar for seg, men i denne oppskrifta jobbar dei saman.

Ingredienser 

200 g mjuke dadlar (gjerne økologiske)

200 g rå cashewnøtter uten salt

100 g smelta kokesjokolade eller anna mørk sjokolade

250 g salte cashewnøtter 

TURMAT

Sigrid Henjum er UTEs faste turmatskribent. Her finner du enda flere turmatoppskrifter.

Slik gjer du: 

Legg cashewnøttene i vatn i omlag 1 time.

Sil av nøttene og ha dei og dadlane (uten stein) i ein foodprossesor.

Køyr i eit par minutt før du tilset halvparten av dei salte cashewnøttene og smelta, avkjølt sjokolade. Køyr alt saman til det blir ein nokså jamn, klissete masse. 

Vask og tørk foodprossesoren og køyr resten av dei salte nøttene til det blir små bitar.

Legg «strøet» på eit flatt fat.

Lag små kuler av massen og rull dei i knuste salte nøtter.

Legg dei ferdige kulene ut på matpapir og set kaldt.

Når dei er avkjølte, kan du pakka dei ned i små boksar, klare til tur.

Kulene held seg heilt til våren om dei får stå kaldt, men du har sjølvsagt ete dei opp lenge før det.

TIPS

Ta litt olje i hendene når du skal rulla kulene, så blir det ikkje så klissete.

• Ekstra god – og rask – turlunsj 

Publisert 14. januar 2020 kl 08.00
Sist oppdatert 14. januar 2020 kl 08.00

Relaterte artikler

in the can chili con carne
Testet: Turmat på boks

Chili Con Carne på boks

in the can ertesuppe
Test av hermetikk-mat på tur

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen