I blant kan det være vanskelig å få i seg nok energi i forhold til all energien du brukar.
Denne kaka smakar like godt, sjølv på dag tre eller fire..
Dette treng du
Kakefyll
250 g rosiner
12 tørka aprikosar
10 tørka fiker
Omlag 80 g tørka og søta tranebær
Omlag 3 dl appelsinjus til blautlegging over natta
Del frukta opp i små bitar før du legg dei i appelsinjusen.
Bruk om lag 0,5 dl av jusen i røra. Resten kan du drikka opp!
Deig
250 g romtemperert godt smør
3 dl honning
1 dl brunt sukker
4 egg
4,5 dl speltmjøl (kan bli erstatta med glutenfritt eller vanleg kveitemjøl)
2 ts bakepulver
1 ts malt ingefær
1/4 ts malt pepper
1/4 ts malt nellik
Bland desse ingrediensane godt saman til ein deig. Tilset fruktbitane og litt av jusen og ha i dei to siste ingrediensane:
4 ss korinter (sylta sitrusskal)
150 g pekannøtter
Ha røra i to brødformer med bakepapir i botnen. Steik dei på 160 grader på nederste rilla i omlag 60 min. Avkjøl og skjer i passelege skiver. Pakk dei inn kvar for seg i matpapir, så har du ei kaka i kvar lomma.
God tur!
Turmat
Sigrid Henjum er UTEs faste turkokk. I tillegg driver hun Sogndal Lodge, er turguide og bor på et småbruk i Sogndalsdalen.