/ Turmat

Tre oppskrifter med brennesle

Brennesla veks heile sommaren og kan etast som den er. Her får du tips til både suppe, te og brennesle-pesto.

Sist oppdatert: 15. mai 2020 kl 09.58
BRENNESLESUPPE: Betre enn du trur, og veldig enkelt. Foto: Sigrid Henjum
BRENNESLESUPPE: Betre enn du trur, og veldig enkelt. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Når du tek deg ein tur i skog og mark, er det mykje av det rundt deg du kan eta og nytta deg av. Brennenesla finn du nesten overalt, Kanskje har du oppdaga den allereie? 

Brennesle stikk ikkje og du kan eta han slik han er, full av C-vitamin og smak. Det er på utsida av blada og på stilken at piggane som gir deg vabler sit.

Finn du unge små vekstar, plukk av øvste toppen. Blada kan du ta på frå undersida, rulla saman til ein ball og eta. 

Brennesla har mange bruksområde, og her skal du få oppskrifta på suppe, te og brennenesle-pesto. Suppe og pesto lagar du når planta er fersk – et og nyt no, eller frys ned.

Til te og brød turkar du brennenesle ved å knyte saman små buntar som er dekorative når du heng dei i glaskarmen på kjøkenet.

Det kan vera lurt å bruke hanskar og ei saks når du haustar inn.

Brenneslesuppe

  • 1 løk

  • 50 g godt smør

  • 2 terningar grønnsaksbuljong

  • 6 dl vatn

  • 2 dl kremfløyte

  • 1 liter finhakka brennesle

  • salt, pepar og litt chili

Hakk opp løk, surr i godt smør og ha i grønnsaksbuljongen slik at den løyser seg opp.
Tilset vatn og finhakka brennenesla, la det koka i omlag fem minutt, før du tilset fløyte og krydder.

Etter at det har bobla i fem minutt til, er suppen klar, og folk vert vanlegvis overraska over kor godt det er.

Serverast med kokt egg, skiva med smør og kvitost. Perfekt sommarmat! 

brenneslesuppe
BRENNESLE PÅ PRIMUS: Brennesle finn du langs vegkanten heile sommaren

Brenneslepesto

  • Omlag 5 dl brennenesle

  • 1 dl olje(raps eller smaksnøytral olivenolje)

  • ein liten neve valnøtter eller pinjekjernar

  • ei klype salt

  • litt ost (parmesan, lokal kvit geitost eller fetaost)

  • Smakar nydeleg på fisk som skal bakast i omn, eller på nybaka brød. 

Brennenesle-te

Turk brennenesle i glaskarmen og lagre den på eit tett glas til hausten og vinteren. La blada trekka i vatn og server, gjerne med litt god honning eller sirup.

TIPS: Turka brennenesle kan du også strø i brøddeigen, ser fint ut og smakar godt! 

Kos deg ute i alt det grøne! 

Potetsuppe med skogpynt

Publisert 15. mai 2020 kl 09.58
Sist oppdatert 15. mai 2020 kl 09.58

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen