/ Turmat

Arme riddere – og rike

Arme riddere er mat som naturligvis kan lages på tur. Kanskje som en ekstra god turfrokost, lunsj eller dessert. Her får du noen turvennlige oppskrifter.

Sist oppdatert: 30. april 2022 kl 14.55
RIDDARAR: Arme riddarar har vorte ein meir kjend variant av sine rike brør - rike riddarar.
SUPER TURMAT: Tørre brødskiver får eit ekte løft på denne måten. Foto: Sigrid Henjum
Lesetid: 2 minutter

Arme riddarar har vorte ein meir kjend variant av sine rike brør – rike riddarar. Inni er dei like, for der ligg det ei skive brød som gjerne er tørt.

Skilnaden er kor mykje søtt og godt du blandar dei i før du steiker dei på panna.

Arme riddarar

TA MED 

Egg (i pakke eller i flaske)

Brød

smør

ost  

Steikepanne/primus

Er du heldig, finn du blåbær du undervegs.

UTE: Legg brødskiva i ei skål eller ein kjele og la egga trekka inni brødet. Skal du ha det som lunsj, vil eg tilrå å ha litt salt og litt urter i eggeblandinga, gjerne saman med ein skvett mjølk. Er du ein osteelskar kan du ha raspa eller skiva ost på brødet.

Eg tok eggeblandinga nøytral og hadde heller på ein god dose nyrørte blåbær til mitt lunsjmåltid. Du kan også ha sukker og kanel i eggeblandinga for å gjera det til dessert.

arme riddere med blåbær
arme riddere med blåbær

Fakta

Legg du brødskiva (som gjerne kan vera loff eller julebrød ) i fløyten for å trekka til seg væska.

Rike riddarar

TA MED  

Fløyte, vikingmjølk (på boks), eller tørrmjølk

Brød

Kransekakemasse

Gjerne litt sukker og kanel

Smør

Steikepanne må vera med!

UTE: Legg  brødskiva (som gjerne kan vera loff eller julebrød ) i fløyta eller mjølka  for å trekka til seg væske. Har du med tørrmjølk er det berre å tilsetje vatn, som skildra på boksen og piska godt opp.

Ta ein kniv og legg tynne lag av kransekakedeigen på begge sider før du steiker skiva i godt smør. Strø på med sukker og kanel.

Her kan du variera med soyamjølk, havremjølk eller sjokolademjølk.

Pynten kan vera ein søt raudkløver – som kan etast.

arme riddere salt
arme riddere salt

Tips

Skal du ha det som lunsj vil eg tilrå å ha litt salt og litt urter i eggeblandinga, gjerne saman med ein skvett mjølk.

God tur og nyt den tørre brødskiva, som no har vorte ein riddar!

ET UTE

23-39-30_ordinary_200

Sigrid Henjum er turmatekspert i UTE. Dei beste oppskriftene er samla i turkokeboka ET UTE

Publisert 30. april 2016 kl 14.55
Sist oppdatert 30. april 2022 kl 14.55

Relaterte artikler

in the can ertesuppe
Gul ertesuppe på boks

Gul ertesuppe turmat

tørking av mat til langtur og ekspedisjon
Guide til tørking av turmat

Tørking av mat til langtur

boksmat hermetikk in the can
Hermetikk-mat er tilbake

Comeback for norsk hermetikk?

svenske havreboller med dadler
Turmat: Søte havrekuler

Søte havreboller

røsslyng
Turmat - varmt drikke

Lag din egen kveldste-blanding

blåbærte
Turmat -varmt drikke

Blåbærtoddy med honning

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen