VM-klar gjeng!

Klare som egg, spente som fy. Om få dagar brakar VM i randoneè laus. Ein tropp på 8 kvinner og menn i alderen 15-38 år skal representere Noreg.

Sist oppdatert: 5. mars 2019 kl 16.07
Landslaget i randoneè + Vegard Øye, Erik Kårvatn og Edvard Sætran Solli skal konkurrere med det norske flagget på brystet under årets VM i sveitsiske Villars.
Landslaget i randoneè + Vegard Øye, Erik Kårvatn og Edvard Sætran Solli skal konkurrere med det norske flagget på brystet under årets VM i sveitsiske Villars.

UTE-BLOGGEN

12-06-42_lightboxorg

Malene vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Malene er en av Norges beste kvinnelige fjelløpere og selvskreven på landslaget i randonee. Hun bor og trener i Sogndal.

For å få med neste innlegg, abonner på vårt nyhetsbrev

VM randoneè 9-16. mars

VM i langrenn og alpint er over og Noreg tek ikkje overraskande storeslem på medaljefronten. På tribuna er me også dei ivrigaste, og støttar våre idrettsheltar så langt det går. Me er født med ski på beina! Forventningane er store, og berre gull er godt nok. I Sveitsiske Villars kor VM i randoneè skal føregå er me ikkje lenger favorittar før meisterskapet. Me har dei råaste skidressane, kjem frå det vakraste landet og ynskjer kanskje meir enn nokon anna nasjon å hevde oss. Likevel er det langt frå å ynskje noko til å faktisk realisere draumen. Me er «underdogs» i Sveits, men langt ifrå treige og talentlause. Me er vikingar som tek i litt ekstra når det går som tyngst.

«Me har dei råaste skidressane, kjem frå det vakraste landet og ynskjer kanskje meir enn nokon anna nasjon å hevde oss.» 
Malene Haukøy

Det skal knivast i fem ulike distansar: sprint, vertikal, individuell, lag/team (2 og 2) og stafett, i tillegg til ein evigvarande og obligatorisk opningsseremoni som i mine auge krev like mykje krefter som sprint og vertikal til saman. Bak det norske flagget under opningsparaden står Lars Erik Skjervheim, Hans Inge Klette, Glenn Tore Løland, Stine Haustreis, Vegard Øye, Erik Kårvatn, Edvard Sætran Solli og meg, Malene Blikken Haukøy. I skuggen av oss «stjernene» har me med oss landslagest støtteapparat (sambuarane på heimeplan) med eit voldsomt engasjement, Mikkel Frodahl og Pål Ellefsen.

Den siste veka har nordmenn niglodd på skjermen i håp om å sjå Klæbo sikre gullet i østerrikske Seefeld. Nokre har følgd NRK sporten live på mobilen medan ein joggar på mølla, eller ein snik seg til nokre minutt medan ein sit på jobb å burde gjere heilt andre ting. I skinasjonen Noreg er alt lov når det er ski VM. Det er snarare ein skam å ikkje la seg engasjere. Om ein vil verte betre kjend med våre heltar i skisporet stiller media med rikeleg «heime-hjå» klipp, eller «VM-kveld» med djupe og nære intervju. Me kan med andre ord følgje idrettsutøvarane tett gjennom meisterskapet, og kjenner og elskar dei betre enn noko gong når konkurransane er over.

Det er eit nokså anna meisterskap som skal setjast i gong i Villars- Sur- Ollon 9. Mars. Ved ein liten fjellandsby  ved Alpane bur me tett i tett som toppidrettsutøvarar. Media dokumentere så mykje som mogleg frå meisterskapet på nasjonale kanalar, men høgt til fjells, i stor fart og eksponert terreng er det vanskeleg å dekke konkurransen direkte på internasjonal TV. Me må nøye oss med begrensa oppdateringar undervegs og eit og anna bilete ute frå løypa. Me tek da saka i eigne hender, og prøver å halde deg der heime oppdatert gjennom sosiale medier som Instagram og Facebook. Det betyr at om du som skientusiast og interessert nordmann vil følgje VM i randoneè vil det mest truleg vere best å følgje dei norske utøvaranes eigne Instagramprofilar og her på utemagasinet.no. Nokre av oss er betre enn andre til å oppdatere, men me gjer så godt me kan.  

Det kriblar i magen med tanke på sveitserfranc, ihelkokt pasta og startnummer på låret. Det skal bli fantastisk å vende snuta sørover. Sjølv om me er klar over vår posisjon i denne sporten har me store ambisjonar i nokre av disiplinane. Sprintøvinga har vist seg å vere dei to vossingane, Hans Inge og Lars Eriks skjulte talent, samt at eg sjølv ser for meg å kunne sparke godt frå meg i sprintøvinga. Også på lagkonkurransen stiller vårt herrelag sterkare enn truleg nokon gong. Kven av dei tre seniorløparane som vert para saman er enda uklart, men det er store moglegheiter. Denne vinteren har me også to lovande unggutar som aldri har prøvd seg utanfor landegrensene, Erik Kårvatn og Edvard Sætran Solli. Det vert spennande å sjå kva dei to kan prestere.

Det er på tide og så smått byrje å pakke baggen, legge siste lag med fart på skia og finne fram solkremen frå i fjor. Tøffe tak i solfylte, høge fjell står for tur, og me skal gjere vårt ytste for å gjere den norsk skinasjonen stolte. Me er også fødte med ski på beina!

Publisert 5. mars 2019 kl 16.07
Sist oppdatert 5. mars 2019 kl 16.07

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen