SKI I GLOPPEN: Mykje tyder på at slike skihøve blir vanlegare i framtida. Foto: Line Hårklau
Lesetid: 8 minutter
Lat oss starte med ei oppdatering på status. Det er mars og dagane blir stadig lysare. Vi er vest i landet, i Gloppen kommune, nærare bestemt Kandal, ei lita bygd heilt i enden av ein smal veg.
Til nærmaste matbutikk er det 20 minutt med bil. Her er likevel meir enn ein skulle tru, blant anna ein heilt spesiell låve (den skal vi kome tilbake til).
Og fjell.
Fjell er alltid positivt, spesielt når dei står der like utanfor, under ein lettskya himmel.
På den negative sida: Det er knapt nokon som hugsar sist det kom påfyll av snø.
– Fordelen med lite snø er at vi kan køyre lenger opp, seier Sander Buene.
Han er guiden for dagen, du kjenner han kanskje frå NRK-serien Fjellfolk. Han er godt bevandra i fjellheimen både her og der, men Kandal er ukjent terreng.
Bilane blir parkert ved Ytre Kandalstøylen på rundt 500 moh. Eit tynt lag med florlett snø er akkurat nok til at det er forsvarleg å spenne skia på beina og sette kursen mot Storevarden.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
I turfølget er det ein danske, ein rogalending, ein austlending og ei som er lokal. Men dei bur alle her i Gloppen, ein ganske anonym del av distrikts-Noreg.
Dette må vi grave litt i. At folk slår seg ned i Sogndal er ikkje noko nytt.
Sogndal har høgskule, Tone Damli, saft og eit yrande friluftsmiljø.
Kva er det med Gloppen? Er det dei enorme skillingsbollene hos Bakar-Jon på Byrkjelo?
Eller er det Skam-oppfølgaren Lovleg, som blei spelt inn på Sandane, som trakk dei hit?
– Eg møtte kjærasten min på folkehøgskulen her, fortel Ørjan Brunstad.
– i flytta hit som eit testprosjekt. No har vi seld huset vi starta å bygge i Oslo, seier han.
Nordfjord folkehøgskule har spesialisert seg på friluftsliv, med ti ulike linjer. Eit ute-år her, mellom bre og fjord, har blitt svært populært.
For Irene Svidal frå Geilo var det kjærleiken som tok ho til Gloppen.
– Mannen min er fødd og oppvaksen her, og vi fekk ta over eit småbruk som har vore i familien hans.
«Det blir gjerne fokus på færre turmål« Sander Buene, fjellfører
(Artikkelen fortsetter under bildet)
Danske Kristian Petersen var berre innom på eit oppdrag for å snekre kontor.
No har han bygd opp ei snekkarbedrift med 12 tilsette.
Innimellom kan han ta seg fridom til å gjere slik som i dag. Køyre telemark som om han var Sondre Norheim sjølv, i Kandal, ein fredag i mars.
– Her skulle jo stein og lyng vore dekka av snø, seier Sander etter kvart som gruppa bevegar seg opp i høgda.
Han klagar ikkje, men har ein meir konstanterande tone. Det er liksom noko som ikkje stemmer.
For all del, ein kan ikkje vere heldig kvart år. Vinteren 17/18 til dømes, då var det snø og ski og topptur frå oktober til alt plutseleg smelta på rekordtid – og vips var det sommar.
Det er likevel eit faktum at vi har fått færre vinterdøgn her i landet.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
I løpet av dei siste 30 åra har fleire stader mista ein heil månad med vinter, samanlikna med 30-årsperioden før, ifølge Meteorologisk institutt.
Ein vinterdag er definert som eit døgn med gjennomsnittstemperatur under null grader.
Prognosane viser at Trondheim vil få omkring 50 vinterdagar i 2050, mot 67 i dag. Tromsø, også kalt Norges beste skiby, vil få om lag 80 dagar mot 120 i dag, mens Oslo går frå 76 i dag til 50 dagar i 2050. Bergen går frå 25 dagar i dag til 10-15 dagar i 2050. Kva når veret ikkje snur?
Dette er såpass sterk kost at vi må ta ein svipptur innom Meteorologisk institutt for å høyre meir.
– Desse tala kjem frå modellar som tek utgangspunkt i at vi fortset med klimagassutslepp i same takt som i dag, fortel klimaforskar Reidun Gangstø Skaland.
Ho påpeikar likevel at vi også vil oppleve snørike vintrar framover, som følge av naturlege variasjonar. Skulle vi klare å hive oss rundt og bli ei nullutsleppverd i morgon, har vi uansett satt i gong nokre prosessar som ikkje let seg reversere med det første.
– Vi vil sjå endringar, spesielt dei neste 30 åra, på grunn av ei tregleik i systemet. Dette er spesielt knytta til hava, som held på temperaturen lenge og påverka klima.
I vindauget bak ho kan ein skimte Holmenkollen. Det er ikkje eit fnugg natursnø å sjå. Ein liten køyretur ut frå hovudstaden og ein kjem til «SNØ», det nybygde innandørsanlegget på Lørenskog med både alpinbakke og langrennsløype. Kall det gjerne kjipt, men det finst mulegheiter for skiglade nordmenn. Like enkelt er det ikkje for alt anna liv på denne kloden saman med oss.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
– Vi er tilpassa det klimaet vi har. Naturen og alt har blitt vant til nokre rammer som vêret held seg innanfor. Vi ser plantar som trur det er vår i januar. Dyr som ikkje får tak i mat på grunn av islag på bakken. Vegetasjon som døyr under isen.
Skaland fortel også om hyppigare skifte mellom mildvêr, regn og frost. Permafrost som tiner og gjer bakken meir ustabil, samt skapar metanutslepp som akselererer klimautslepp.
Oppe i høgda i Kandalen har vinden gjort snøen hard og isete. Breimsvatnet blinkar der nede mellom toppane, og Snønipa, det høgste fjellet i Gloppen og Jølster, snuser på skyene.
Toppen av Storevarden kjem til syne og guiden ser på klokka.
– Klarar vi å gå dit på 15 minutt?
Gruppa set inn sluttspurten. Skriv seg inn i boka på toppen. Ein kjapp matbit og av med fellene. Områder med finfin styresnø gjer nedkøyringa betre enn forventa. Dei mest ivrige kostar på seg eit par riper i sålen for å stå heilt ned til bilen.
For Sander Buene har ikkje snømangelen skapt nemneverdige utfordringar for guideverksemda.
– Men det blir gjerne fokus på færre turmål, fortel han.
Buene er hyra inn av Nordfjord Aktiv for denne turen. Leiar i Nordfjord Aktiv, Vidar Nyhammer, fortel at utviklinga med snøfattige vintrar gjer at dei må reflektere over kva vintertilbod dei skal ha.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
– Det vi har mest lyst til er jo å ha dei mest spektakulære turane med den beste skikøyringa, som treff lokale, regionale og nasjonale kundar, fortel Nyhammer.
Når pudderdagane uteblir, blir det meir fokus på kortare turar i skogen.
– Desse appellerer først og fremst til eit utanlandsk publikum, noko som blir eit paradoks med tanke på klima. Det handlar om å skape berekraft både med tanke klima og økonomi, og derfor er det viktig for oss at dei som har reist langt får sjansen til eit miljøvenleg opphald.
Nordfjord Aktiv si sommarsatsing er stisykling, og dei har med seg same tankesett rundt gjestane sitt klimaavtrykk i sommarhalvåret. Nordfjord har attraktive sykkelstiar.
– Vi fokuserer på å organisere turar der gjestane blir i same område over fleire dagar. I Gloppen kan ein sykle direkte frå hotelltrappa til kremtopper på høgfjellet og til flotta stier i skogen. På spørsmålet om det er nok sykkelstiar i området til ei heil veke, kjem svaret frå Nyhammer kontant:
– Ei veke? Stisyklistar flyttar hit for tilbringe resten av livet på stiane her.
For Nyhammer er den ideelle kunden ein som ikkje har reist langt, som ynskjer å vere fleire dagar på same plass, og som gjerne er interessert i kultur og mat, i tillegg til tur og natur. Difor satsar dei på å bygge opp pakketilbod som legg til rette for nettopp det.
Apropos, vi har ein avtale å rekke i fjøset.
Det er ei stram lukt som strøymer gjennom nasen inne i geitefjøset på Sølvane Gard. Odelsgut og operasongar Eivind Kandal er i gong med kveldsskiftet. Det brekar svakt frå geitekillingane som nyleg kom til verda. I etasjen over steller sambuar Torstein Kollevåg i stand det som har blitt eit selskapslokale utanom det vanlege. Paret satsar på lokal kjøttproduksjon og samarbeider med fleire geite- og sauebønder i Kandal. I låven kombinerer dei matopplevingar med operakonsertar og andre kulturarrangement.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
– Ein må tørre å tenke utradisjonelt, seier Kollevåg, som tek i mot oss etter visitten i fjøset.
Det er noko høgtidleg over måten Kollevåg opnar den store døra inn til låven på, og det er smått surrealistisk og absolutt uventa det som skjer. Kontrasten kunne vel knapt vore større, der gruppa ikledd skiklede og fjøslukt går inn mellom messinglamper, rokokkomøblar, gullkanta speil, skinnfeller og velourgardiner, samtidig som Joni Mitchell sin «Both sides now» fyller rommet.
Kollevåg serverer spekemat og eplelikør. Det er ingen operakonsert i dag, men tidvis kan vi høyre operasongaren øve under fjøsstellet.
Snakkar vi eit snev av gåsehud? Ja, det går rykter om det.
Vinteren som forsvinn
Oslo har mista 21 vinterdagar, Tromsø har mista 17, Bergen 7 og Trondheim har mista 15 vinterdagar i perioden 1990-2020 samanlikna med perioden 1961-1990.
Ein vinterdag er definert som dagar med gjennomsnittstemperatur under null grader.
Dersom utsleppa av klimagassar fortset i same takt som i dag, viser prognosane at Trondheim vil få omkring 50 vinterdagar i 2050, mot 67 i dag. Tromsø vil få om lag 80 dagar mot 120 i dag, mens Oslo går frå 76 i dag til 50 dagar i 2050. Bergen går frå 25 dagar i dag til 10-15 dagar i 2050.
Andre kystnære og befolkningsrike byar som Larvik, Tønsberg, Moss og Fredrikstad vil også få betydeleg færre dagar med snø og kulde i 2050.
Kjelde: Meteorologisk institutt
Gloppen
Kommune i Nordfjord i Vestland fylke med 5847 innbyggjarar, kring 2000 av desse bur i kommunsenteret Sandane.
Naturopplevingar: Trivselsskogen er eit lavterskel stinettverk med «attraksjonar» som Kjærleikskogen, utsiktspunktet Fosseteateret og dagsturhytta Draumekvila. På Nordfjord Stisenter på Vereide kan du utforske to kilometer med sykkelløyper. Med fjell og fjord på alle kantar er det generelt gode turmulegheiter.
Overnatting: Sølvane Gard i Kandal har både hus, hytte og sel til utleige. På Sandane kan du overnatte i spektakulære Engeset trehytter. Andre alternativ er Nordfjord Lodge på Reed, Gloppen Hotell, Gloppen Camping og Fritidssenter og Elvebakk Bed & Breakfast.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.