Topptur eller toppidrett? Ja, takk, begge deler!

Me har så vidt teke fatt på månaden Mars. I Sogndal er snøen fantastisk som alltid, og svært vanskelig å halde seg unna. Eg føler eg lever i eit postkort om dagen. Beina kribla etter å kjenne på snøen, medan hjartet har lyst jobbe hardt. Er det mulig å få både i pose og sekk?

Sist oppdatert: 2. mars 2016 kl 09.26
Sogndal: Frå fjord til fjell og ned igjen. Kortreist godsnø i Sogndal. Ein av mange "secrets spots". Foto: Malene Haukøy
Sogndal: Frå fjord til fjell og ned igjen. Kortreist godsnø i Sogndal. Ein av mange "secrets spots". Foto: Malene Haukøy

Malene Blikken Haukøy

DSC03582

Malene (24) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Eg vel å sjå på meg sjølv som ein livsnytande toppidrettsutøvar. Med det meiner eg det er mogleg, ja, kanskje til og med naudsynt å kombinere desse to livsstilane. Eg kan ikkje sjå for meg eit liv utan slit, hardt arbeid og eit klart mål, men eg vil heller ikkje bytte ut gleda ved å vere med venner, nyte lange dagar ute i snøen og naturen. For min del finn eg motivasjon gjennom konkurransar og mål, men det gir meg også ein utrulig giv og energi å ta med meg venner, familien eller sambuar på tur gjerne midt i sesongen, der eg kanskje eigentleg burde trent, kvilt, spist, trent, kvilt, spist osv. Det er ein stor glede og avkopling og fylle termosen med kakao, pakke ned ei ekstra dunjakke og skru av pulsklokka og berre vere på tur. Det er nettopp denne kombinasjonen mellom det tunge arbeidet og det estetisk vakre som gjer randoneè til ein unik idrett som appellerer til meg.

SE OGSÅ: Født til å løpe

Dette er nok eit litt dristig utsagn, og det er sikkert mange ueinige sjeler som riv seg i håret, men eg trur Sogndal må vere den ultimate skiplassen her til lands. Det skal sant seiast at eg ikkje har reist land og strand rundt for å sjekke ut dette, men eg kan ikkje førestille meg at det finst ein meir kompleks og kompakt plass med så mykje flott, variert og stabil skikøyring. Eg er redd dette utsagnet er farleg fisk, men eg har mine argument. Kor mange plassar kan du vere sikker på å køyre på ski 10 minutt i bil frå sentrum frå desember til mai? Kor mange plassar kan du spenne på deg skiaved utgangsdøri under store deler av vinteren? Kor mange plassar kan du besøke eit nytt fjell kvar dag i løpet av vinteren på ein radius av en time? Eg trur nettopp at denne lette tilgjengeligheita gjer det enkelt for meg å trene, og enkelt for hundrevis av andre Sogningar og studentar ved Høgskulen å komme seg på ski. Noko så sytalaust.

LES OGSÅ: Spis som en norgesmester

DSC03541
DSC03541

FAMILITUR: Kosetur i Storlidalen i Oppdal med ein godt over gjennomsnittet sprek familie.

Det er ein fantastisk følelse å komme seg til fjells, anten eg er aleine eller ikkje. Det stilles ikkje krav til korleis eg ser ut, snørr, slev og sveitte flyt fritt og eg treng ikkje vise seg fram for nokon. Det aller beste er om telefonen ligg godt planta i botn av sekken gjennom heile turen, slik at det er for mykje tiltak å fiske den opp dersom den lagar lyd i løpet av turen. Eg har delte meiningar når det kjem til dette med telefon eller kamera på tur. På den eine sida er det utrulig kjekt å ta bilder frå flotte turar og ta vare på minner eller dele bilder med omverdenen. I løpet av året tilbring eg mykje tid aleine til fjells, og det er uttallige utsiktsøyeblikk å sjå tilbake på, og endelause med gode opplevingar ute i naturen. Berre eit fåtal av eventyra er på foto, og kanskje ikkje dei aller beste heller, men eg ynskjer å vise det flotte naturen og fjellet gir meg i håp om å motivere og inspirere fleire til å komme seg ut. På den andre sida kjenner eg på ein trang til å dokumentere det eg gjer til alle tider. Inni mellom vert det viktigare å vise dei rundt det eg opplever enn å faktisk oppleve sjølv. 

«Dørstokkmila kan vere lang sjølv for meg, men i løpet av mitt 24 årige liv har eg endå ikkje angra på å ta det seige steget ut ein trøtt og våt søndag»

Til min livsstil er Sogndal heilt eineståande. Dersom eg vurderer og planlegg godt kan eg nyte god snø stort sett gjennom heile vinteren. For hard trening og intervallar er Sogndal Skisenter Hodlekve 12 minutt i bil unna. Der finn eg dei motbakkane eg vil ha, og godsnøen er sjeldan vanskeleg å finne mellom draga. Høgskulen tiltrekk seg hundrevis av engasjerte og ivrige studentar som gir bygdi nye input og giv.

G0060069
G0060069

LES OGSÅ: Slik opplevde de rekordforsøket på Høgruta

Det vart mykje underbevisst reklame for Sogndal gjennom dette innlegget. Men poenget eg vil fram til er gleda og nytten ved å vere ute. Dørstokkmila kan vere lang sjølv for meg, men i løpet av mitt 24 årige liv har eg endå ikkje angra på å ta det seige steget ut ein trøtt og våt søndag. Viktigheita av å ha gode og nære fritidsmoglegheiter er viktigare enn ein trur. 

LES OGSÅ: Portrettet - Håpet fra Høyanger 

Publisert 2. mars 2016 kl 09.26
Sist oppdatert 2. mars 2016 kl 09.26

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen