Gjennom relativt logiske menyar kan du sette opp Barryvox S etter personlege referansar og behov. Du kan mellom anna sett den opp til å vere digital (automatisk) eller digital og analog (gir analog lyd i tillegg).
Du kan også velje mellom ulike oppsett på visuell informasjon under søk, og aktivere tilleggsfunksjonar i gruppesjekk.
Barryvox S har forstått at ein skjerm kan nyttast til meir enn berre å vise symbol, avstandstal og retningspilar.
Den har eit stort konkurransefortrinn i det at den viser gode informative illustrasjonar under søk, gruppesjekk og punktsøk. Du kan også legge inn namn og kontaktinformasjon. Barryvox S kan oppdaterast med programvare.
Det er positivt at det er mogleg å sjølv oppdatere denne ved å kople seg til ein kompis sin Barryvox S som har nyare versjon.
Bæresele
Det er vanleg bæresele med band over skuldra og strikk rundt livet. Det er eit stivt plastfutteral som du stikk sendar/mottakaren ned og som det er lett å ta sendar/mottakaren inn og ut av.
Det er positivt at det er ein diode som viser at den er på send også når den ligg i futteralet og som du ser når du kikar ned mot sendar/mottakaren.
Gruppesjekk
Du slår på gruppesjekk ved å trykke «flag»-knappen under oppstart. Du får god illustrasjon på korleis du kan organisere gruppa på gjennomføring av gruppesjekken.
Gruppesjekk avsluttast ved å trykke på «flag»-knappen på nytt. I menyinnstillinga kan du også velje gruppesjekk for snøskuter eller ein meir avansert «pro-sjekk»
Søk etter ein skredtatt
Barryvox S har god visuell vegleiing med pil og avstandstal på grovsøk. Går du feil veg, kjem det opp eit tydeleg U-sving-symbol. Snu 180 grader og følg med på avstandstal og retningspil.
På finsøket kjem fleire piler som gir god rettleiing i tillegg til avstandstalet. I fleire tilfelle viser den også kva side du skal gå til så du slepp å ta eit fullstendig kryss-søk for å finne minste avstandstal.
Når du får minste avstandstal, dukkar det opp eit informativt bilde på skjermen av spiralsøket du no må gjere med søkestanga. Her er også fleire lyd-val. For avanserte brukarar kan søkestripebredda utvidast som analogt søk i «pro»-modus.
Søk etter fleire/utflagging
Barryvox S kan hoppe litt med avstandstala før den viser symbol med fleire skredtatte. I komplekse situasjonar kan hjelpepilene på finsøket vere litt forvirrande, då avstandstalet tel ned når du går rett veg, medan retningspila «heng litt igjen» og peikar andre vegen.
Dette er riset bak spegelen fordi retningspila ofte fungerer på finsøket og er då eit imponerande godt hjelpemiddel. Men når du kjem til ein situasjon der retningspila «heng igjen» vert det ein liten bøyg å oversjå denne tekniske hjelpa.
I desse tilfella må du s vite at avstandstalet trumfar retningspila, og gå etter minste avstandstal. Sendar/mottakaren kan då bli opplevd som litt tregare.
Ofte har Barryvox S vist pil rett til neste skredtatte ved utflagging, men av og til har eg måtte ta ei lita ekstrarunde før den har vist rett veg igjen.
Redningssend/tilbake til send
Barryvox S er avansert og har fleire innstillingar for dette. Fabrikkinnstillinga er at den går tilbake til send etter 4 minutt. Den har også eit redningssend modus der redningsmannskap som ikkje søker kan sette sendar/mottakaren på vent.
I denne innstillinga vil den verken søke eller sende signal. Dersom det går eit etterskred og du blir liggande stille vil Barryvox S automatisk gå over på send slik at det skal vere mogleg å finn deg.
Forstyrringar
Barryvox S er mottakeleg for forstyrringar. Den kan då vise både avstandstal og retning for eit kortare eller lengre tidsrom. I brukarmanualen tilrår produsenten at du skal ha minst 50 cm avstand frå forstyrrande gjenstandar under søk.
Det vert også tilrådd sterkt å slå av mobiltelefonar. Under send vert du tilrådd å ha minst 20 cm avstand til andre elektroniske gjenstandar.
Ein avansert/erfaren brukar kan handtere forstyrringar på Barryvox S på fleire måtar, anten ved å redusere søkestripebredda (manuelt eller automatisk) eller ved å velje å kombinere både digitalt og analog søk.