Designet er litt firkanta, med avrunda hjørne. Batterikassa byggar litt ut og gir den eit litt meir kantete preg.
Sendar/mottakaren vert operert med skyvefunksjon på sida og med ei fjørbelasta låsemekanisme når den står i send-posisjon. Under skjermen er «flag»-knappen synleg.
Skjermen har automatisk baklys som kjem på i mørket. Men dette lyset burde vore sterkare.
BT står for Bluetooth og sendar/mottakaren kan settast opp og styrast gjennom eigen Pieps app på smarttelefon.
Brukarmanualen som følgjer med er kortfatta og du bør laste ned full brukarmanual på nett og gjerne installere app på smarttelefonen.
Bæresele
Her følger det med eit solid futteral som vernar sendar/mottakaren. Webbingsele over skuldra med integrert strikk til sendar/mottakaren.
Webbing er meir behageleg over skuldra enn berre band, men for enkelte, som underteikna, er webbinga litt for kort, før den går over til vanleg band.
På meg kom justeringa til bandet rundt livet akkurat innanfor sekkeområdet på ryggen og vil nok gnage over tid med ryggsekk.
Diode viser at sendaren er på send og er synleg gjennom futteralet. Minus er at den blinkande dioden blir vist gjennom eit vindu på nedsida av futteralet og dermed ser du den ikkje når den heng på brystet og du må vri litt på futteralet for å sjå dioden.
Gruppesjekk
Gruppesjekken sjekkar signalstyrke og frekvens. Under oppstart held du inne «flag»-knappen for å vere i gruppesjekk. Slepp du «flag»-knappen går den tilbake til send. At du fysisk må halde inne «flag»-knappen for å vere i gruppesjekk er for så vidt ein bra patent.
Men knappen er relativt flat og gir lite respons det er difor tungt å halde den inne over tid. Dette er same patenten som på Pieps Sport, men der fungerte det mykje betre for «flag»-knappen var meir oppbygd og lettare å halde inne.
Søk etter ein skredtatt
I grovsøket viser Recon godt vegen med avstandstal og retningspil. Den har ikkje u-sving alarm eller symbol. Men viser raskt at avstandstalet aukar og du må dermed sjølv forstå at du må snu og gå tilbake der avstandstalet minkar. På finsøket forsvinn retningspila og du tar eit kryss-søk for å finne det minste avstandstalet
Søk etter fleire/utflagging
Recon kan hoppe litt i avstandstalet inntil du kjem nærmare og den viser fleire skredtatte på skjermen. Recon viser inntil tre skredtatte og evt fleire enn tre blir vist med … – prikk-prikk-prikk – på skjermen.
Utflagging fungerer bra, og den viser veg til neste skredtatte. I eit par komplekse situasjonar gjekk eg litt lenger enn strengt tatt naudsynt. Og berre med eitt unntak har den flagga alle skredtatte i alle situasjonane. Då eg repeterte denne situasjonen klarte den det utan feil.
Redningssend/tilbake til send
Som standard er denne funksjonen deaktivert. Men ein kan slå den på i Pieps app’en og er då både tid- og rørslestyrt
Forstyrringar
Black Diamond Recon viser ikkje forstyrringar frå naudnett, smarttelefonar mm.
Dette er eit stort konkurransefortrinn for denne sendar/mottakaren. Det er likevel viktig å ver klar over at forstyrringar kan gå ut over kvaliteten i søket og ein bør likevel halde all anna elektronikk så langt unna som praktisk mogleg.
Men om du kjem nær anna elektronikk vil det altså ikkje bli vist avstandstal og pilar som hos dei andre modellane eg har testa. I brukarmanualen vert det tilrådd å ha minimum 50 cm avstand til elektroniske apparat i søk og 20 cm i send-posisjon.