Nye Black Diamond Guide BT har fått litt anna design og ny farge, men det er relativt lett å kjenne dei igjen mot dei gamle Pieps-modellane. Recon tilsvarar då Pieps sport og Guide tilsvarar Pieps DSP Pro.
Designet er litt firkanta, med avrunda hjørne. Sendar/mottakaren vert operert med skyvefunksjon på sida og med ei fjørbelasta låsemekanisme når den står i send innstillinga.
Under skjermen ligg knapp for «flagg» og ein «scann» knapp. Scann funksjonen er unik for denne modellen og svært bra. BT står for Bluetooth og sendar/mottakaren kan settast opp og styrast gjennom eigen app på smarttelefon.
Der Barryvox S har satsa på informasjon gjennom skjermen, kan det verke som Black Diamond satsar på brukarrettleiing, innstilling og informasjon gjennom app på smarttelefonen.
Brukarmanualen er svært kortfatta og du bør laste ned full manual på nett, samt installere Pieps-app. Guide har også TX600-modus – ein minisendar som sender på ein annan frekvens enn dei vanlege sendar/mottakarane.
Fordelen er at du til dømes kan sette ein TX600 minisendar på ein redningshund. Sidan den ikkje sender på same frekvens vil ikkje sendaren på hunden forstyrre det vanlege søket. Skulle det gå eit etterskred har du moglegheit til å søke etter hunden på denne andre frekvensen.
Bæresele
Solid futteral som beskyttar sendar/mottakarane. Band med webbing over skuldra med integrert strikk til sendar/mottakaren. Webbing er meir behageleg over skuldra enn berre band, men kan for enkelte vere litt for kort før den går over til vanleg band.
På meg kom dessverre justeringa til bandet rundt livet akkurat innanfor sekkeområdet på ryggen og vil nok gnage over tid med ryggsekk. Diode viser at sendaren er på send og er synleg gjennom futteralet.
Minus er at den blinkande dioden blir vist gjennom eit vindu på nedsida av futteralet og dermed ser du den ikkje når den heng på brystet ,men må vri litt.
Gruppesjekk
Under oppstart held du inne «flag»-knappen for å vere i gruppesjekk. Slepp du «flag»-knappen går den tilbake til send. At du fysisk må holde inne «flag»-knappen for å vere i gruppesjekk er for så vidt bra, men knappen er relativt flat og gir lite respons det er difor tungt å halde den inne over tid.
Dette er same patenten som på Pieps DSP Pro, men der fungerte det mykje betre for «flag»-knappen var meir oppbygd og dermed lettare å halde inne gjennom gruppesjekken.
Du kan også velje å nytte utvida gruppesjekk ved å halde nede «scan»-knappen i staden for «flag». Då sjekkar den enda grundigare frekvens/pulse og periode på den andre sendar/mottakaren i kameratsjekken.
Søk etter ein skredtatt
Når du kjem frå signalsøk og får inn første stabile signal så vibrerer sendar/mottakaren. Ein veldig bra funksjon! I grovsøket viser Guide veg med retningspiler og avstandstal.
Den har ikkje u-sving alarm eller symbol, men viser raskt at avstandstalet aukar og du må dermed sjølv forstå at du må snu og gå tilbake der avstandstalet minkar. På finsøket forsvinn retningspila og du tar eit kryss-søk for å finne det minste avstandstalet.
Søk etter fleire/utflagging
Guide kan hoppe litt med avstandstalet før du kjem nærmare og den viser inntil tre skredtatte på skjermen. Du følgjer vanleg søk inn til den første skredtatte og kan «flagge ut» og gå vidare til den neste skredtatte.
Scan-funksjonen er unik for Guide og eit svært bra supplement til «flag». Ved å holde inne scan-knappen vil sendar/mottakaren vise deg kor mange skredtatte som er innanfor 5 meter, 20 meter og 60 meter.
I komplekse situasjonar hjelper deg med å danne deg eit bilete over situasjonen og korleis dei skredtatte ligg. Du kan bruke «flag»-knappen for å bla mellom dei ulike skredtatte. rangert frå nærast til lengst vekk og få retningsvisning og avstandstal.
Redningssend/tilbake til send
Som standard er denne funksjonen deaktivert, men kan slås på i Pieps app-en. Då er den både tid- og rørslestyrt.
Forstyrringar
Black Diamond Guide viser ikkje forstyrringar frå naudnett, smarttelefonar mm. Eit stort konkurransefortrinn. Det er likevel viktig å vere klar over at forstyrringar kan gå ut over kvaliteten i søket og ein bør likevel halde all anna elektronikk så langt unna som praktisk mogleg.
Men om du kjem nær anna elektronikk vil det altså ikkje bli vist avstandstal og pilar som hos dei andre modellane eg har testa.
I brukarmanualen vert det tilrådd å ha minimum 50 cm avstand til elektroniske apparat i søk og 20 cm i send.