Det går kjapt i ein panikkfunksjon å slå skyvebrytaren tilbake til send. I motsetning til Barryvox S kan du ikkje endre innstillingar eller funksjonar på denne modellen.
Barryvox har moglegheit for oppdatering av programvare. Og det er positivt at det er mogleg å sjølv oppdatere programvara ved å kople seg til ein kompis sin Barryvox som har nyare versjon. Nyaste programvare per i dag er 3.2.
Bæresele
Bæreselen er identisk til Barryvox S. Det er vanleg bæresele med band over skuldra og strikk rundt livet. Det er eit stivt plastfutteral som du stikk sendar/mottakaren ned og som det er lett å ta sendar/mottakaren inn og ut av.
Det er positivt at det er ein diode som viser at sendar/mottakaren er på send også når den ligg i futteralet og som du ser når du kikar ned mot sendar/mottakaren.
Gruppesjekk
Du slår på gruppesjekk ved å trykke «flag»-knappen under oppstart. Den viser då ein enkel illustrasjon på 1 m avstand mellom deg og den du skal sjekke.
Du får varsel på skjermen om avstanden er for kort. Barryvox undersøker også sendefrekvensen til den sendar/mottakaren du sjekkar.
Får du varselmelding må ikkje denne sendar/mottakaren brukast og den må sendast inn til service eller bytast ut. Du avsluttar gruppesjekk ved å trykke på «flag»-knappen på nytt.
Søk etter ein skredtatt
I grovsøket viser Barryvox ei lita retningspil utifrå ein halvsirkel midt i skjermen og avstandstal. Du får god rettleiing fram mot finsøket. På finsøket viser skjermen ei stor fram og tilbakepil med små sidepiler og avstandstal. Gjennomfør eventuelt eit kryss-søk for å finne minste avstandstal. Du får også lydhjelp under finsøket.
Brukarmanualen til Barryvox gir opp inntil 70 meter rekkevidde på søk. Dette er langt, og mykje lenger enn oppgitt av mange av dei andre modellane (men då oftast som oppgitt søkestripebredde).
I dei praktiske testane så har den god rekkevidde, men med variasjonar som ligg nærmare halvparten av denne oppgitte maks rekkevidda. Praktisk rekkevidde varierer frå situasjon til situasjon, og som samanlikning med dei andre modellane i testane har den variert frå midt på treet til nest best.
Søk etter fleire/utflagging
Sendar/mottakaren vil ofte hoppe litt med avstandstal før den viser deg at det er fleire skredtatte. Barryvox kan vise inntil tre skredtatte. Når du har funne minste avstandstal kan du «flagge ut» og følgje informasjonen i skjermen vidare til den neste.
I komplekse situasjonar kan den stoppe litt opp og tenke litt, og av og til går du kanskje ei litt anna rute enn du kanskje hadde planlagt i forhold til søket/situasjonen du såg for deg.
Men den har i alle testane funne og flagga ut alle skredtatte.
Redningssend/tilbake til send
Barryvox går automatisk tilbake til send etter fire minutt. Det er svært positivt at dette er knytt til ein rørslesensor slik at den ikkje går tilbake til send medan du søker eller er i aktivitet. Denne funksjonen vil gjere det mindre truleg at den går tilbake til send når den ikkje skal og dermed kan forstyrre andre i søk.
Forstyrringar
Barryvox kan ta inn forstyrringar. Den kan då vise både avstandstal og retning for eit kortare eller lengre tidsrom.
I brukarmanualen ver det vist til at du bør halde sendar/mottakaren minst 50 cm unna andre elektroniske apparat i søk og 20 cm i send. Det vert også vist til at du bør unngå magnetiske knappar og lommeknivar. Det vert tilrådd sterkt å slå av mobiltelefon under søk.
Barryvox vil automatisk redusere søkestripebredda om den fangar opp at ukjente signal er forstyrringar eller sendar/mottakarar som sender utanfor standard frekvens. Reduserer den søkestripebredda, så blir dette vist i skjermen og brukaren må ta høgde for dette i vidare søk.