Bæresele
Bæreselen er komfortabel pustande webbing over skuldra og strikk rundt livet. Pustande webbing over skuldra er eit stort pluss.
Dessverre er det vrient å tilpasse innfestinga av skulderstroppa utan at «plastkoplinga» til strikken kjem under ryggsekken og gneg.
Sidan strikken ligg i ei lukka slynge, vert strikken for kort rundt livet når eg skyver plastkoplinga vekk frå området under ryggsekken.
Ved jamn bruk er løysinga å klippe av strikken/eller smette den ut av plastkoplinga til skulderstroppa for å få den vekk frå gnaging, og lang nok strikk rundt brystet.
Bæreselen har eit solid plastfutteral til å oppbevare sendar/mottakaren i. Det er ei holrom i plasten til av/på knappen slik at sendar/mottakaren berre kan gå heilt ned i plastfutteralet når den er slått på.
Det er ein smart patent. Det er litt uvanleg at skjermen skal vende utover sidan dei aller fleste andre modellane på marknaden vil ha skjermen innover mot kroppen for å beskytte skjermen mot skade.
Det er ingen diode som viser at den er slått på når den ligg i selen, men sidan skjermen peikar utover er det relativt lett å vippe litt på den for å sjekke skjermen.
Det er eit stor minus at sendar/mottakaren sitt for godt fast i plastfutteralet. Det er vanskeleg å ta den ut for å slå den av og på eller gå i mottak.
Du kan vri sendar/mottakaren bitte litt i plastfutteralet og dermed få fri bane til skyve knappen til mottak. Men då må du også opne plastklipset til bryststrikken så du får arbeidsrom med sendar/mottakaren framføre brystet til søket.
Det er meir plundrete enn å ta sendar/mottakaren ut av plastfutteralet. Paradokset er at sjølve sendar/mottakaren er den enklaste å operer med hanskar, men at ein ofte må ta av hanskane får å få den ut av futteralet.
Gruppesjekk
Neo+ har gruppesjekk med frekvenskontroll. Trykk «flag»-knappen under oppstart for å aktivere gruppesjekk. Er det feil på sender/mottakaren du testar får du eit dobbelt pip og «Er» i skjermen og eit tal. Avslutt gruppesjekk med å trykke «flag»-knappen igjen.
Søk etter ein skredtatt
Neo+ har lang rekkevidde og gjer ein god jobb når du leitar etter ein skredtatt. Den viser avstandstal og retning i skjermen. Dersom du går feil veg vil det komme eit varsel og skjermen viser to strekar side om side og pila viser mot deg.
Snu 180 grader og følg med på om avstandstalet minkar og følg pila. Ved finsøket forsvinner retningspila og du får avstandstalet i midten med små pilar i 4 retningar som illustrere at du skal søke i eit kryssmønster. På finsøket har Neo+ god lydhjelp for å finne den minste avstanden.
Søk etter fleire/utflagging
I ein situasjon med fleire skredtatte vil Neo+ ofte hoppe litt i avstandstalet, men etter kvart som den identifiserer fleire skredtatte vert dette vist i skjermen. Opp til tre ulike skredtatte blir vist, og eit + teikn om det er fleire enn tre.
Når du kjem nærmare enn tre meter vil eit flag symbol blinke i skjermen, finn og marker minste avstandstal og trykk «flag»-knappen. Neo+ flaggar ut alle skredtatte i dei situasjonane eg har testa.
I nokre vanskelege situasjonar har eg av og til gått litt lenger og fått beskjed om å snu. Men den har alltid påvist og funne alle. At Neo+ i komplekse situasjonar kan få utfordringar med å analysere og at du då bør prøve å gå ein annan veg står også omtalt i brukarmanualen.
Redningssend/tilbake til send
Automatisk tilbake til send er eit menyval på 2/4 eller 8 min. 4 minutt er fabrikkinnstilling og den gir frå seg ein alarm og du må trykke «flag» knappen for å fortsette å vere i mottak. Det er bra at det er menyval på tid, men synd at tilbake til send funksjonen ikkje er knytt til ein rørslesensor.
Forstyrringar
Neo+ kan ta inn forstyrringar, og den kan vise både avstandstal og retning for eit kortare eller lengre tidsrom. Dette står også presisert i brukarmanualen til Evo+.
Der står det ei tilråding om minimum 50cm frå alle metalliske og elektroniske einingar i mottak. I praksis betyr dette at du bør ha så lang avstand som praktisk mogleg til smarttelefon, naudnett mm.
For erfarne brukarar kan ein sette opp Evo+ til å redusere søkestripebredda ved forstyrringar. Brukar må då ta omsyn til redusert rekkevidde i forhold til kva område som faktisk vert søkt gjennom.