Denne skredsøkaren er grei å bruke, sjølv med hanskar på. For å slå av må ein skyve knappen i av-posisjon, og bekrefte med å trykke «flag»-knappen.
Det er uvanleg er at den brukar berre eitt AA-batteri. Det gjer den lettare og litt meir kompakt.
Men du må nok rekne med å skifte batteri oftare, utan at det treng å bli meir kostbart, sidan du skiftar eitt batteri i gangen i staden for tre som er vanlegare.
Arvo Evo 5 blir levert med midjebelte og er i ein storleik som er fin å ha i ei lomme. Eit godt råd er å lese avsnittet om fare for forbrukarfeil om ein vel denne måten å bære den på.
Bæresele
Bæresele vert seld som ekstrautstyr. Bæreselen er grei, men det er ikkje elastikk rundt livet og det er litt stive band over skuldra. Sendar/mottakaren passer greitt i futteralet av kraftig stoff.
Det er dessverre inga diode som viser at den er slått på når den ligg i futteralet. Skyve og låseknappen glir lett og det er litt for lett å slå sendar/mottakaren uforvarande på når ein skal skyve sendar/mottakaren inn i futteralet for oppbevaring etter bruk.
Gruppesjekk
Du slår på gruppesjekk ved å trykke «flag»-knappen ein gang under oppstart. Og du får eit gruppesjekk symbol på skjermen. På gruppesjekk tar Evo 5 også ein frekvenssjekk og kvitterer med NO om det er feil på sendar/mottakaren du sjekkar. Trykk «flag»-knappen for å avslutte gruppe-sjekk.
Søk etter ein skredtatt
Frå grovsøk og inn til finsøk viser Evo5 vegen med avstandstal og retningspil. Går du feil veg, har den eit lydsignal og eit eige symbol på skjermen.
På finsøket får du ikkje lenger retningspil og du skal foreta søk i eit kryssmønster.
Arvo Evo 5 har ein god og intuitiv lydhjelp for å finne den minste avstanden til den skredtatte (altså sendar/mottakaren under snøen) under finsøket.
Søk etter fleire/utflagging
Skjermen viser inntil tre skredtatte og plussteikn om det er endå fleire. I søk kan du oppleve at avstandstalet hoppar opp og ned på litt avstand og at det tek litt tid før den viser fleire skredtatte.
Etter kvart som du kjem innanfor rekkevidde, låser den seg på ein av dei skredtatte og viser heilt greitt vegen dit. Når du kjem nærmare enn 3 meter dukkar «flag» symbolet opp på skjermen.
Gjennomfør finsøket og marker punktet med minste avstandstal før du trykker «flag»-knappen. Du får då retning og avstand til den neste skredtatte.
Evo5 gjer ein god jobb med fleire skredtatte og klarar å «flagge ut» i alle testforsøk. I nokre situasjonar tar den ei lita ekstrarunde for å vise ein annan veg til neste skredtatte.
Dette vert opplevd rart om du har ei forståing for skredhendelsen og ein plan for søket ditt, men utan unntak kom eg likevel fram til den neste skredtatte og kunne «flagge ut» denne også. At dette kan skje varslast det også om i brukarmanualen, men med litt annleis formulering.
Redningssend/tilbake til send
Tilbake til send er ei fast innstilling. Når den pip etter 8 minutt må du kvittere med «flag»-knappen. Det er synd at ein ikkje kan programmere denne funksjonen, eller at den aller helst er knytt til ein rørslesensor.
No går den tilbake til send etter åtte minutt, uansett situasjon og forhold. Åtte minutt er veldig lenge om du blir gravlagt i eit eventuelt etterskred.
Sjølv om den varslar før den går tilbake til send, skjer det relativt ofte under øving at folk ikkje skjønar kvifor, eller får med seg varselet. Når sendar/mottakaren først går over på send, vert det ofte ein forstyrrande faktor i søket.
Forstyrringar
Evo 5 er sensitiv for elektroniske forstyrringar. At den er ivrig på å finne og påvise signal kan vere bra for å få auka rekkevidde, men ulempa er at den fort fangar inn naudnett, smarttelefonar og andre tekniske dingsar.
Følg brukarmanualen og ha så lang avstand mellom elektriske apparat som praktisk mogleg. Dersom Evo 5 merkar langvarige forstyrringar går den automatisk ned til 20 meter søkestripebreidde. Det blir vist i displayet og du må tilpasse deg dette i det vidare søket.