Det er fleire menyval som du kan velje mellom for å få eit oppsett som passar best til din bruk. Den har også 3,5mm jack uttak til hovudtelefonar for å hjelpe i eit analogt lyd søk.
Axio er god å opere med hanskar sidan det er lett å vippe ned antenna for å veksle mellom mottak og send, og «flag»-knappen stikk litt opp og er grei å kjenne og handtere.
Bæresele
Ein brei og god webbing går over skuldra, og det er ein kraftig strikk rundt brystet. Sendar/mottakaren ligg på tvers, og du ser rett ned på av/på knappen som blinkar med ei diode når den er på send.
Gruppesjekk
Gruppesjekk ved oppstart gjer du ved å vippe ned antenna medan spørsmål om gruppesjekk står på skjermen. Du kan også fjerne den du sjekkar ved å bruke «flag»-knappen og gå vidare til neste.
Søk etter ein skredtatt
I grovsøket viser Axio avstandstal og retningspil. Går du feil veg får du ein u-sving alarm og du må snu 180 grader og følgje med på om avstandstalet blir mindre. På finsøket forsvinn retningspila og du må gjennomføre eit kryss-søk. Det er god lydhjelp på finsøket.
Du kan også gå over i analog søk når du under søk trykker på av/på knappen og bekreftar med «flag»-knappen.
Søk etter fleire/utflagging
Ved fleire skredtatte kan avstandstalet hoppe litt medan du går. Etter kvart som du kjem nærmar viser Axio personsymbol for talet på skredtatte. Axio kan telle og vise inntil 5 unike skredtatte eller + for fleire.
Når du har det minste avstandstalet, kan du flagge ut og få retningsvisning og avstandstal til neste.
I nokre komplekse situasjonar kan du bli bedt om å gå litt annleis enn kva du kanskje sjølv har planlagt i forhold til eit søk om du har ei forventning til korleis du skal søke.
Dette står også i brukarmanualen men med litt annleis formulering. I testane har den funne og «flagga ut» alle skredtatte.
Redningssend/tilbake til send
Du kan i menyen velje om Axio skal gå tilbake til send etter 2, 4 eller 8 minutt. Tilbake til send er også knytt mot ein rørslesensor.
Forstyrringar
Axio kan ta inn forstyrringar. Den kan då vise både avstandstal og retning for eit kortare eller lengre tidsrom.
Brukarmanualen viser også til fleire kilde til forstyrringar. I søk bør alle elektroniske apparat vere minst 50 cm vekke.
I send minimum 20 cm vekk. Brukarmanualen tilrår å slå av alle digitale telefonar og radioar under den aktive søkefasen. Alle samtalar bør gjerast minst 25 m vekke frå personen som utfører søket.
Som eit menyval kan Axio bli sett opp til å automatisk redusere søkestripebredda til 25 meter ved forstyrringar.