TOPPTUR FRA EIDSBUGARDEN: EIdsbugarden er ein av dei mest tradisjonsrike utangspunktet for turar i Jotunheimen. Foto: Henning Gladheim
Lesetid: 5 minutter
Me har vel alle kjent på dragninga. Når timane i skianlegget og småturane utanfor stovedøra har vorte mange. Då lengtar ein til fjells, ordentleg til fjells, og gjerne til Jotunheimen.
Men Jotunheimen har vinterkåpa på. Store deler ligg ganske utilgjengeleg til langt utpå vårparten, når fjellovergangane opnar. Likevel finst det råd, kanskje ein litt for godt bevart hemmelegheit?
Frå midten av februar kan du nemleg kome deg inn til Eidsbugarden med beltebil, og nyte dei segnomsuste toppane i Jotunheimen.
Turen vår inn dit starta i ein varm og god beltebil ein kald vinterkveld. Skia og anna utstyr var lasta på taket. Inne i beltebilen sat me tett i tett, kjende på diesellukta og forventningane til etterlengta dagar til fjells.
Nokon sende rundt ei lita lommelerke, og vêrmeldingane for dei neste dagane var strålande.
Me er tidleg oppe. Strålande vær, men knallhardt føre og kaldt. Dei fleste i gruppa hadde vore på Uranostind sommarstid, men no er me spente på kor langt det eigentleg er å gå inn dit med toppturutstyr vinterstid.
Innover Mjølkedalen finn me fort ut at det er relativt langt, men fjella viser seg frå si vakraste side, blått lys leikar over dei, og utsikta når me kjem til toppen, utover ein snødekt Jotunheimen, kan nesten ikkje beskrivast.
Toppane i Hurrungane og resten av Jotunheimen er aldri så nære som i denne kalde, klare vinterlufta.
«Inne i beltebilen sat me tett i tett, kjende på diesellukta og forventningane til etterlengta dagar til fjells».
Nedkøyringa over Uranos- og Mjølkedalsbreen til Mjølkedalen er fin og lang, men ikkje bratt. Er snøforholda gode og skiformen inne, kan du prøve deg på nedkøyringa på aust-sida av Uranostind.
Dette har vorte ein liten klassikar, men det er bratt, så her bør du verkeleg vite kva du held på med!
Ut at over Mjølkedalsvatnet beit me i det sure eplet, lot fellene være i sekken og skøyta av garde.
Det var tungt, men tok ein fjerdedel av tida, om føret tillet det kan skøyting over vatnet absolutt anbefalast begge vegar.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
Morgonen etter var like klar, fin og kald. I dag stod Galdeberget for tur. Det viste seg å være ein stor opptur, lett tilgjengeleg, god valuta for høgdemetrane og variert nedkøyring.
Etter to-tre kilometer skøyting/staking bortover Bygdin, ber det rett oppover bakkane mot Galdeberget med to-tre timar til toppen. Der oppe venta storslagen utsikt og ein strøken nedkøyring. Køyrer ein ned same vegen som ein kom opp er det fin krusing med ein par punkt opp mot 30 grader. Dess lenger aust ein dreg i nedkøyringa dess brattare vert det, her finn ein også nokre artige renneformasjonar.
Vel attende til Eidsbugarden, var det ein i gruppa som tykte at dette var den finaste skiopplevinga han hadde hatt nokon gong. På tross av utallege heli-ski opplevingar, og at han nyleg kom frå ein rundtur i Lyngen, gjorde ein topptur på hardt føre her i Vinje sitt rike eit slikt inntrykk.
«Toppane i Hurrungane og resten av Jotunheimen er aldri så nære som i denne kalde, klare vinterlufta.»
(Artikkelen fortsetter under bildet)
Aldri har vel nysteike skillingsbollar og ein øl smakt så godt i solveggen på Fondsbu, og sjeldan er vel livet så godt som etter ein lang dag til fjells.
Nydusja og fine til fredagskvelden vart me overraska med at det denne helga var gourmethelg på Fondsbu. Mykje god mat og drikke vart fortært, men likevel var me klare for ein ny runde med skia på beina neste morgon.
Den siste turdagen gjekk turen til Langeskavltind. For å kome til Langeskavltind går du ut av døra på Fondsbu eller Eidsbugarden, for så å fylgje Langeskavlen til toppen. Turen byr på særleg flott skikøyring frå toppen og strekket på slutten ned mot Eidsbugarden. I mellom er det litt kupert. Vel oppe på ryggen har du i klart vær fantastisk utsyn, som er vel verdt turen i seg sjølv. Ynskjer du brattare skikøyring på vegen ned att, kan ein finne utallege linjer rett ned i Mjølkedalen. Men som namnet på toppen tilseier, ver obs på at dette er ei bratt leside kor det dannar seg store skavlar.
For utan om desse tre klassiske turane, byr området på uendelege moglegheiter for vinterturar. Kva med ein tur til Høgebrothøgdi, Sjoggholstinden eller Slettmarkskampen/Piggen? Mjølkedalspiggane er også ei perle, som på gode dagar kan by på fleire gode nedkøyringar til Mjølkedalsbreen.
Eg kjenner allereie på lengselen til det lette, blå lyset som varsamt stryk over fjella tidleg på vinteren. Til stillheita og roa, og dei uendelege moglegheitene. Som Vinje ville sagt det sjølv: Å! Kjære bymann gakk ei tung og stiv. Men kom upp her å kjenn det verkelege liv!
Åpningstider vinteren 2019:
Eidsbugarden: 15. februar - 5. mai
Fondsbu: 15. februar – 5. mai
Rutetider beltebil: Beltebilen går fra vinterferien og fram til 1. mai. Husk å bestille plass hos JBV.
2019: NYÅPNET OG KLART
På Eidsbugarden har 2019-sesongen nettopp startet.
Men på grunn av meldinger om lite snø i fjellet, er det også mange som velger å ikke dra til fjells.
– Vi har opplevd noe avbestillinger grunnet snøforholdene, forteller Synnøve Lie ved Eidsbugarden Hotell til utemagasinet.no.
Hun tror at det kan ha noe med at folk forventer strøkne forhold likt hva de ser på Instagram, og at de derfor ikke reiser til fjells når værmeldingen ikke varsler om snø.
– Vi er på tur nesten hver dag hvor vi finner kjempefine turer oppover og deilige linjer nedover. De turene vil vi gjerne at enda flere skal få oppleve. Eidsbugarden ligger såpass unikt til på grunn av at du kjøres til døra med beltebil. Når du skal ut på tur, kan ta på deg skia ved dørstokken. Det fins utallige småtopper i tillegg til de større og mer krevende toppene, så her er det muligheter for alle og enhver, sier Lie
Snøforholdene på vestsiden av Jotunheimen er mye bedre enn borte på Gjendesheim, ifølge henne.
– Det er mindre enn vanlig, men absolutt nok til å stå på ski, sier Lie.
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.