Malene Blikken Haukøy
Malene (24) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009), vant Norgescupen i rando 2014/2015 og er sammen med Lars Eik Skjervheim på det norske rando-landslaget. Fortiden er hun akutell som programleder i Fri Flyt-serien «Født til å løpe». Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.
Sesongen er fryktelig på helle, og med det meiner eg at det er 2 konkurransehelger igjen og at motivasjonen er litt så som så. Fokuset har vert retta mot trening og prestasjon sidan September-Oktober, men no har det lett for å bli dradd i andre retningar.
Sesongens Opptur: Det har kanskje ikkje vore endelaust med oppturar denne vinteren, men nokre er det. Sesongstarten i Sogndal med klar siger gav ein god følelse, men den helga med dei beste minna var nok i Frankrike og Pyreneene. Saman med den svenske kometen Ida Nilsson gjekk vi inn til 6 og 4 plass på den todagers lange lagkonkurransen Altitoy Ternua. Været sette ein stoppar for utsikt og fine trasear, men utanom det var det heile ein positiv oppleving. Dette er nok min beste prestasjon denne vinteren.
Her deler Malene sine beste mattips for de treningsglade: Spis som en norgesmester
Sesongens flottaste utsikt: Det blir mange fine augeblikk å trekke fram i løpet av ein lang vinter, men om eg skal trekke fram ein ynskjer eg å sei treningstur/telttur på Molden i Sogn og Fjordane. Det er vel lite som kan måle seg med Noreg på ein god dag. Det er noko ved fjell og fjord som har ein spesiell dragning på meg. Det er verken spisse tindar eller endelaus med pinaklar, men det er noko vakkert ved Norsk Vestlandsnatur.
IKKJE VERST: Molden ved Hafslo er ikkje den verste plassen å vakne på.
Sesongens dårlegaste snø: Denne vinteren har vore prega av horrible snøforhold i Mellom-Europa. Som i fjord var den gode snø i finne heime i Nord medan arrangørane i Alpane hadde store problem med å gjennomføre enkelte konkurransar. Under den andre WC konkurransen i Italia, Valtellina Orobie i Albosaggia starta vi med skia på sekken og kava oss opp bratte, frosne grasbakkar. Det var på grensa til behov for steggjern. Lenger opp mot fjellet fant vi nokre centimeter med snø der vi snegla oss mellom tett skog og bare bakkar. Det var inga god dag for nye ski, og dei har varige men den dag i dag.
Liker du UTE-bloggen? Se alle innleggene her.
Eg vil også trekke med Romsdal Rando i denne kategorien. Solskinnseventyret frå dei to siste åra var i stor kontrast til årets arrangement. Det regna sidelengs ved start, og det gjekk fortare med feller enn utan i nedoverbakkane. Det positive var fantastiske sveler ved målgong, mykje positive folk og ein oppdatert og sprudlande speaker, Tom Erik Heimen. Eg enda eg på ein 2. plass etter Gjertrud. Eit ganske rufsete, dårleg løp frå mi sida. På inga måte noko eg var nøgd med.
ROMSDAL RANDO: Ytterst fra venstre står junioren Hans-Inge Klette. Deretter Lars Erik Skjervheim, Malene Blikken Haukøy, Sindre Hoff, Hildegunn Gjertrud Hovdenak og Ingrid Stengård. Foto: Robert Veiset
LES OGSÅ: Tidenes duell i Romsdal Rando
LES OGSÅ: Langrennsløper imponerte stort under Romsdal Rando
Sesongens puddereldorado: Som nemnt har ikkje snøen vore noko å skrive heim om i Mellom-Europa. Derimot gav NM på Kårvatn ein fantastisk god følelse. Det var faktisk så bra at eg tørr å rangere snøen som topp 5 i konkurransesamanheng. Saman med dei andre norsk reiselysne utøvarane kom eg rett frå 1 månad i høgda. Beina gjekk av seg sjølv, lufta rik på oksygen og snøen silkemjuk. Alt i alt ei super helg, og toppen på kransekaka vart sjølvsagt gull.
Sesongens «wow» augeblikk: Etter å ha traska i tett skog frå Les Marécottes i Sveits i neste ein time, opna det seg ei fjellkjede av dei sjeldne over skoggrensa. Det må opplevast for å skjønnast. Dette var dagen før EM, og eg hadde tida til å ta det heile inn over meg. Ved start på kring 1900 moh, Le Creusaz, var det høg «wow» faktor. Ei slik vakker men samstundes skremmande fjellkjede har eg sjeldan vore vitne til. Eg reiser definitivt tilbake! Og det beste av alt, det var nestan ikkje turistar der.
Malene er programleder i Fri Flyt-serien "Født til å løpe". Se serien her.
Sesongens skuffelse: Det har dessverre vore nokre skuffelsar denne vinteren. Slik vil det vel alltid vere. Eg hadde i utgangspunktet store forventningar til meg sjølv på sprintdistansen under WC og EM. Beste resultat vart 7. plass i EM. Eg vart slått ut av finalen med små marginar. Det var tydleg at det er fleire som også har trena denne hausten/vinteren. Vidare fekk eg meg ein knekk under Stryn Rando 3000. Etter å ha leda i 2700 høgdemeter gjekk lufta ut av ballongen 300 meter før siste topp. Saman med turmakker den dagen, Håkon Ishol, såg eg Hildegun Gjertrud Hovdenak snike seg forbi rett før mål. Det gode drivet vi hadde haldt oppe tok brått slutt til tross for at eg følte tempoet hadde vore kontrollert heile vegen. Det er rart med det, veggen kan komme brått og uventa.
OPPTUR I FJOR: Malene Blikken Haukøy, Lars Erik Skjervheim og Martin Andersen gikk Høruta i Jotunheimen på rekordtiden 18 timer og 29.
LES MER: Slik opplevde de rekordforsøket på Høgruta
Sesongens beste prestasjon: Eg skulle ønske eg kunne trekke fram meg sjølv her, men det er nok ein mann som trekk det lengste strået. Lars Erik Skjervheim gjekk inn til ein 16. plass under årets EM på individuell distansen. Eg bøyer meg i det som er, dette er ein STOR prestasjon. Lars Erik har vore ein einsam majestet på Norsk jord denne vinteren. Han har vunne det som vinnas kan, og ser ut til å vere ei hard nøtt å knekke. Den største utfordraren har vore Sindre Hoff, som truleg vil gi vossingen enda hardare konkurranse neste sesong.
Sesongens høgdepunkt: Eg tilbring fantastisk mykje tid aleine på trening, det er difor ekstra kjekt å tilbringe ein månad på reis med ein gjeng like sære og seriøse. Vi har hatt ørten lunsjpausar på diverse restaurantar i fjellet, men årets soneklare høgdepunkt er dagen før EM. Det var ikkje store toppen eller lange turen, men utsikta var av dei betre, stemninga på topp og snøen god. Vi enda opp med 10-15 minutt «danceparty» på toppen. Med variert koreografi rista vi laust til topps omringa av som alltid, fjell. Den kreative sjela i gruppa er og blir Gjertrud.
LES OGSÅ: Opplading til verdenscup i randonee
GO' GJENG: Eg tilbring fantastisk mykje tid aleine på trening, difor ekstra kjekt å tilbringe ein månad på reis med ein gjeng like sære og seriøse.
Som nemnt over er det 2 konkurransehelger mellom nåtida og ein kort «treningsferieferie». I fyrste rekke skal eg og Gjertrud saman gå ein 3 dagers lagkonkurranse i Italia, Tour de Rutor. Vi to hare vore jamgode denne vinteren, så den blir spennande og artig med eit norsk lag. Rykene seier at dette er ein av dei vakraste randoneèkonkurransane, så vi krysse fingre, tær og bein for at været er på vår side.
SISTE GONG: Min hjelpsame sambuar har levert meg på Haukåsen for siste gong denne sesongen. Tour de Rutor here we go! Foto: Mikkel Frodahl
Sesongavslutninga for min del blir Randoenern i Oppdal. Det skal bli fantastisk godt å legge pulsbeltet og klokka i skuffa for nokre veker, men det kan ikkje bli for lenge. Ein grovplan for sommaren er lagt, og løpsformen kjem ikkje av seg sjølv.