MALENE BLIKKEN HAUKØY
Malene (23) vokste opp mellom fjord, fjell og bakker i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009), og sesongens store mål er VM i Verbier. Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.
Gjennom sommaren og hausten har eg og dei andre utøvarane på landslaget i skialpinisme sanka høgdemeter og kilometer gjennom myr, sti og steinur, alt for å prestere under VM i Verbier 3-13. februar. No nærmar det seg faretruande meisterskapet, og den siste finpussen skal leggjast.
LES OGSÅ: Portrett – Håpet fra Høyanger
Ettersom vi held oss høgt til fjells under konkurransane, der lufta er tynn, er eit høgdeopphald i forkant å føretrekke. Opplegget er litt varierande, men eg og Lars Erik tok med oss våre kjære på ei romantisk høgdesamling i Tignes der vi tilbrakte nyttårsaftan. Ei veke på 2100 meter over havet, etterfølgd av 2-3 veker i Montgenèvre på nærmare 1900 moh. Det utliknar fordelen mange av dei andre utøvarane har ved å permanent bu i høgda, og vil forhåpentlegvis gjere oss ustoppelege.
Skjervheimen frå Voss, som er over gjennomsnittet engsteleg for å blir sjuk, valde å feire sjølvaste julekvelden i Tignes. Etter det han kan fortelje var dette slett ikkje å forakte, og kan anbefalast vidare. Omringa av rike russarar storkosa Lars Erik seg på tindar kring 3600 moh.
VM er sjølvsagt det store målet, men WC står også høgt på lista. Skialpinisme kan for langrennsnoreg verke lite og ubetydelig, men her nede i Alpane er sporten stor. Mellom øktene er det umulig å sjå Tour de Ski på TV, medan WC i skialpinisme får sendetid på fransk TV. Det er fasinerande kor mange som tek turen til topps for å heie oss oppover fjellsidene. Dei store nasjonane er Italia, Spania, Frankrike, Sveits og Tyskland. Alpenes svar på Birken og Vasaloppet er konkurransar som Pierra Menta, Mezzalama, Patrouillel de Glaciers. Sjekk dei ut!
«Mellom øktene er det umulig å sjå Tour de Ski på TV, medan WC i skialpinisme får sendetid på fransk TV.»
Gode to veker har gått, og kjernen i laget er samla i Montgenèvre. Den skravlete fjellføraren Nils Nielsen, godt likt av Chamonix-kåte nordmenn, med ein brennande interesse for kaffekoking og dataprogrammering. Småbarnsfaren Olav Bakketun Tronvoll med spesialfelt innan bleieskift og blogging, gruppas positive sjel. Den hissige sangfuglen Hildegun Gjertrud Hovdenak, med sans for reinhald og alternativ mat. Vimsete og målbevisste Lars Erik Skjervheim, med hjerte for «untouched food» og kort magetopp, alltid med kvitluk og sardinar på innerlomma. Den lovande vossingen, Lars Erik, har opplevd sitt store mareritt, og vart sjuk rett før WC-opning i Puy Saint Vincent. Gutten vart tidleg fryst ut for å hindre vidare smitte, medan resten av gjengen har gjennomført ei tøff konkurransehelg med individuell, sprint og vertikal.
Les også: Olav B. Tronvoll – Min nye treningshverdag
Individuellen vart i tøffaste laget for min del, men sprinten var lovande. Eg endte på ein bitter 7. plass, med 3. beste tid i prologen. Eg rauk ut i semifinalen, svært nær ved å gå vidare. Det er lell viktig å ta med seg det positive og sjå moglegheitene, som heilt klart er der. Vertikalen var også tøff, og eg enda til slutt på 15. plass, men vegen fram blir stadig kortare.
For å få mest mogleg konkurransetrening sleng vi oss med på det som er av franske meisterskap eller liknande konkurransar. Det neste viktige på lista er WC i Andorra 24-25. januar, siste finpuss før VM. Måtte toppformen finne vegen før den tid!
FRÅ VERDSCUP-OPNINGA: Meg under sprintprologen. Det var 3 minutt og 52 sekund med blodsmak og syre. Foto: Mikkel Frodahl
TRENING PÅGÅR: Under ei kveldsøkt i Tignes, upåklageleg treningsarena. Foto: Mikkel Frodahl
Klyving i bratt terreng er inga hindring med godt utstyr når forholda tillet det. Foto: Lars Erik Skjervheim
Det er påskestemning i Alpane med lite snø og mange varmegrader. Foto: Mikkel Frodahl