PIERRA MENTA: Nokre dagar har gått sidan eg svingte meg inn til mål under årets Pierra Menta. Dette er det råaste eg nokon gong har vore med på! Foto: Montura
Det var ei veke med fantastisk god trening for min del samt var det utrulig motiverande og inspirerande å bli betre kjent med nokre av verdas beste utøvarar.
Dette var det som måtte til for heve nivået mitt før Pierra Menta.
For å samkjøre taktikk og teknikk før den store styrkeprøven tok Emelies lagveninne Axelle og mi lagveninne Melanie turen til Chamonix for ein treningsdag ilag.
Vi fekk nokre lange blikk i det vi peisa forbi andre turistar i løypa iført racedress.
Saman med svenske Emelie Forsberg og spanske Kilian Jornet Burgada la eg siste hånd på verket i Chamonix.
Eg føler meg heldig og privilegert som har fått denne muligheten, og får reise rundt i Europa og konkurrere mot dei beste. Denne konkurransen var ekstra spesiell ettersom det var ein svært lang konkurranse samt ein lagkonkurranse som eg gjennomførte saman med kanadiske Melanie Bernier. Dette var 30. arrangementet av Pierra Menta, med andre ord, gutta har gjort dette før!
Dette er nok den raskaste gjengen eg har trent med! Frå venstre: Axelle Mollaret, Melanie Bernier, Emelie Forsberg og meg. Axelle og Emelie enda på ein sterk 2. plass og med to etappeseire!
Kort forklart er Pierra Menta ein lagkonkurranse i dei franske alper som går over 4 dagar. Start og mål same plass kvar dag, men ulike løyper og toppar. Dei har nok å ta av. Det heile gå føre seg i Areches, ein liten by med nokre hundre innbyggjarar. Konkurransen har sitt namn etter fjellet Pierra Menta, og er byens store høgdepunkt for året.
På 4 dagar skal kring 10.000 høgdemeter bestigast samt 80-100 km passerast. Det er med andre ord nokre lange dagar i fjellet. Det heile skal sjølvsagt gjennomførast med høg puls.
Grunna sikkerheita er det alpin start kl. 07.00 kvar dag. Meget trøtt i trynet møtes utøvarane til frukost kl. 05.00. Kring 250 seniorlag deltok dette året, og samtlege starta på likt. Det er eit kaos utan like, og ein desperat kamp om å komme seg fram i rekkene. Heldigvis er det lange dagar, og feltet sprer seg sakte men sikkert og ein finn sin plass i følge. Langs løypene er det alltid folk å sjå. Store og små gjer som oss, står opp tidlig for å heie oss oppover. Det heile er ein folkefest.
Bildet seier vel meir enn tusen ord! Foto: Ski & Run
3 liter sportsdrikk, 13 stk. gel, 7 sportsbarar og eit hav av gel skumputer var det som måtte til for å få meg gjennom 4 lange dagar og 10 000 høgdemeter. Dette er ikkje mat som magen set pris på.
Den siste og fjerde dagen er høgdepunktet å komme seg til topps på Grand Mont dersom været og forhold tilet det. For å komme oss heilt til topps måtte vi følge ein smal rygg med litt utsatt småklyving.
For sikkerheitas skuld nytta vi oss av Via ferrata-utstyr det siste stykke opp til toppen. Dette er ikkje ukjent utstyr under randoneekonkurransane i Alpane.
Etter litt småklønte klarting med skisko, stavar og ski på ryggen bikka vi toppen, og mange tusen tilskodarar møter oss brutalt med bjeller, ostefondue og gluhwein.
Det var ein meget intens oppleving på 2686moh., på ein topp svært mange aldri ville våga seg opp på. Etter å ha dradd av fellene måtte vi snirkle oss gjennom folkemenga for så å setje utfor den siste biten ned til mål.
Eg har sjølv hatt mine runder gjennom birkebeinarløypa og syntes at det var folksomt og god stemning sist stykket fra Sjusjøen og ned til mål.
Men dette var noko heilt anna, og så mykje meir intenst. Og når det heile går føre seg langt til fjells blir ein desto meir fascinert.
«Eg har sjølv hatt mine runder gjennom birkebeinarløypa og syntes at det var folksomt og god stemning sist stykket fra Sjusjøen og ned til mål. Men dette var noko heilt anna, og så mykje meir intenst.»
Tilskodarane fekk det dei kom for, sol, raske bein i kondomdress og meget god stemning. Foto: Ski & Run
Eg var dessverre den einaste norske utøvaren til start dette året. Dette er både synd og litt rart. Dette er heilt klart ein konkurranse for spreke nordmenn, men det er ikkje for alle. Det er langt, bratt og teknisk krevjande, men det er heilt klart ein tøff utfordring som fleire burde hive seg med på.
Pierra Menta er berre eit av fleire langløp i randoneesirkuset. Desse langløpa er klart noko meir enn bare ein konkurranse, det er ein tradisjon og ein kultur.
Det er spektakulære fjell, det er smerte og vilje, men mest av alt er det ein fantastisk erfaring og oppleving! Ord strekk ikkje til. Dette blir heilt klart ikkje min siste konkurranse av dette slaget, det gav heilt klart meirsmak.
Vel heime i Sogndal for nok eit kort opphald, har varmen satt spor og snøen er ikkje tørr og fin slik den ein gong var. Men det er berre for ei veke denne gongen. Snart vetar siste utenlandstur for sesongen, og siste WC i Italia. Motivasjonen er på topp!
Upåklagelig utsikt over Mont Blanc! Godt nøgd med 6. plass totalt! Foto: Melanie Bernier
Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer UTE,
Terrengsykkel, Fri Flyt, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Utemagasinet.no er friluftsfolkets nettsted. Gjennom grundige utstyrstester, turreportasjer, og intervjuer med aktuelle friluftsprofiler får du inspirasjon og tips til dine egne turer.