MALENE B. HAUKØY
Malene (23) vokste opp mellom fjord, fjell og bakker i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009), og sesongens store mål er VM i Verbier. Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.
Ein månad på reisefot er over, og eg vender snuta heim mot fagre Sogndal og rikelig med snø. I hvertfall etter det Instagram og Facebook kan melde om. Det andre worldcup-rennet er over, og neste konkurranse på programmet er VM i Verbier. Studentkvardagen på HISF kallar for ei lita veke, sjølv om beina verkar etter sveitte skisko og djup snø. Trikset no blir å halde igjen nok til få overskot til VM, samt trene dei harde øktene med god kvalitet som skal toppe det heile. Til tross for at eg er så heldig å få reise rundt i Europa og trene saman med ein sprudlande og kjekk saueflokk, blir det godt å komme heim til julepynten eg så brått reiste frå, og eit par julekalendergåver som enda ikkje er opna.
LES OGSÅ: Randoneelandslaget usensurert
Den siste gjennomkjøringa før VM, WC i Andorra, bøy på utfordringar for oss som utøvarar og arrangørane. Det var individuell og vertikalkonkurranse som stod på programmet. På briefingmøtet dagen før start hadde vi tre ulike rutealternativ, alt etter kor mykje vind det ville bli. Det siste løypeansvarleg sa den kvelden var «We have no idea how much wind there will be». Ryktene sa 100km/t i fjellet. Vi enda opp med å gå eit fjerde alternativ som vart bestemt 1 time før start. Løypene som vart presenterte for oss vart sagt og vere mellom 1200-1400 høgdemeter. Dette skulle sjølvsagt vise seg og ikkje stemme, og drøye 2,5 time etter start kom eg i mål etter å ha klatra 1800 høgdemeter opp renner, med og utan stegjern, i delvis svært sterk vind.
LES OGSÅ: Disse kjører rando-VM
Innimellom solskinnsdagane kjem alltid ein konkurranse med slit og smerte. Foto: Ski & Run
Det er vanskelig å porsjonere kreftene korrekt når løypa er 500-600 høgdemeter lenger enn forventa, men for min del var siste stigninga overraskande lett, og mi desidert beste. Eg enda på ein 16. plass på den individuelle konkurransen og 15. plass på vertikalen dagen etter. Alt i alt var eg nøgd. Det er framgang og sjå, og eg kryp stadig nærmare verdas beste kvinnelege randoløpar Laetitia Roux for kvart løp eg går.
«Til tross for at eg er så heldig å få reise rundt i Europa og trene saman med ein sprudlande og kjekk saueflokk, blir det godt å komme heim til julepynten eg så brått reiste frå, og eit par julekalendergåver som enda ikkje er opna.»
Undervegs når eg går, hender det at dei negative tankane smyg seg på, og eg lurer på kvifor eg vil meg sjølv så vondt. Den følelsen av og meistre, av og vinne, eller av og kjenne kor mykje kroppen faktisk tåler gir meg så uendeleg myke. Og følelsen eg har når eg passerar målstreken med sekken stappa full av opplevingar frå fjellet er ubeskrivelig.
Treningsøkta for dagen er over. Sogndalsdalen gav med nokre fine svingar i tørrsnø på toppen, og våt, tung snø i botn. Nå står skulearbeid og kvile med beina høgt på programmet. Peparkakehuset og julegardinene står fortsatt framme. Siste rest av julestemninga blir nok verande nokre veker til. Nå er det trening som er førsteprioritet.
Lars Erik Skjervheim og Olav B. Tronvoll på skuldrene til Malene Blikken Haukøy og Hildegunn Gjertrud Hovdenak. Foto: Mikkel Frodahl
Det vart smerte og ubehag på siste hardøkt i Alpane. Frukosten har lett for å komme i retur på slike økter. Foto: Olav Bakketun Tronvoll
Restitusjonsøkt etter ei hard konkurransehelg i form av via ferrata. Foto: Morten Eilifsen
Me fekk eit par dagar med god snø på tampen av opphaldet, det utnytta me. Foto: Olav Bakketun Tronvoll