Optimisme i Italia

Tour de Rutor, dag 2: Vekkarklokka er stilt på 0530, sekken med vindtett oppe og ned, skredutstyr, redningsfolie, fløyte og dunjakke er pakka.

Sist oppdatert: 2. april 2016 kl 22.25
Me kom oss igjennom i dag og, må vere nøgd med det.
Me kom oss igjennom i dag og, må vere nøgd med det.

Den sveitte skidressen frå i går heng klart med det slitne startnummeret 405 på. Det er ny konkurransedag, nye 2200 høgdemeter og jobbe seg gjennom.

MALENE BLIKKEN HAUKØY

DSCN0045

Malene (24) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009), vant Norgescupen i rando 2014/2015 og er sammen med Lars Eik Skjervheim på det norske rando-landslaget. Fortiden er hun akutell som programleder i Fri Flyt-serien «Født til å løpe». Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Det er ekstra tungt å komme seg ut av senga når det er fullstendig mørkt, tåka litt lågt og det drypp beskjedent frå himmelen. Kor mykje kle treng vi? Kor mykje mat bør vi ha med? Det er aldri godt å vite, men betre med litt for mykje enn for lite. Det vart sjølvsagt gel og sportsdrikk sjølv om me er nokså lei det. For min del vart det attpåtil bebymat på sprutflaske kjøpt på butikken i Noreg.  

Starten var i dag utsett med 30 minutt. Dette vart sjølvsagt avklart på Italiensk og Fransk, så 10 minutt på 8 (original start) stod eg og Gjertrud klare ved arva- skjekken, men neida, 40 minutt til start gitt. Det er franske/italienske konkurransar i eit nøtteskal, det gjeld å spørje så fort ein er usikker. På høgtalarane spelte dei norsk musikk av beste sort, Aqua og «Barbie girl». Heilt topp! Det heile ordna seg fint, og 40 minutt etter la vi av garde. Det var ein hektisk og rotete start. Det vert fort trongt om plassen når 1000 mann skal inn på ein 2 meter brei skogsveg 300 meter etter start. Gjertrud hadde nok håpa på ein offensiv start, men eg følte meg ikkje tipp topp (truleg trøtt) så vi enda opp med ein kontrollert start.

Malene er programleder i Fri Flyt-serien "Født til å løpe". Se serien her.

Les bloggen fra første dag i konkurransen her. 

(Saken fortsetter under bildet)

DSC04170
DSC04170

Slik ser vi ut etter å ha fått i oss litt tørre kaker og dau cola! Foto: Tilfeldig forbipasserande

Vidare klatra vi oss oppover. Det er utruleg vanskeleg å halde oversikt over dei andre damelaga i eit slikt startfelt, så det er ein bonus kvar gong vi passerer eit. Løypa var flott lagt, gode spor og mjuk, lettkøyrt vårsnø. Eg trøbla ein del med låsemekanismen på skoen noko eg trur irriterte Gjertrud meir enn ho gav uttrykk for. Ho venta tålmodig med eit smil. Tross fin trase var været eller vinden brutal. Over ein svært isete rygg med skia på sekken var vi nøydt til å kle på oss ekstra vindjakke, og var svært kalde på fingre og tær. Det eg nok fyrste gong eg har nytta ekstrabekledninga i sekken, endeleg kom den til nytte. Tempoet over ryggen var sjølvsagt treig, og forbipasseringsmuligheitene dårlege. Vi snubla oss bortover og var glade for taua som var hengt ut. Fjellet kan vere brutalt!

Dagen i dag gjekk alt i alt betre enn i går. Vi snudde litt på flisa, og Gjertrud som i går følte seg bra og brukte mykje krefter på å dra og hjelpe ein sliten meg, hadde ein tung dag. Eg derimot følte meg bra tross ein tung start på dagen. Høgda påverka nok oss begge samt kulden. Håpet er at vi begge vil ha ein super dag i morgon! Det er tett om dei to plassane framfor oss, men vi må gå godt skal vi ta dei! Vi var nok eit par plasseringa betre i dag, men resultatliste er framleis vanskeleg å få fatt på…. 

LES OGSÅ: Vanligvis er Malene og Hildegunn Gjertrud konkurrenter

LES OGSÅ: I fjor satte Malene rekord på Høgruta

DSC04149
DSC04149

Gjertrud valte å brukte litt restitusjonstida på avslappande visualisert fisking. 

Publisert 2. april 2016 kl 22.25
Sist oppdatert 2. april 2016 kl 22.25

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen