Om et fjell og et skispor i Hjørundfjorden

Les teksten og se bildene fra Knut Hustad og Fred Ingar Sombys fine topptur til Skårasalen i Sunnmørsalpene.

Sist oppdatert: 4. februar 2011 kl 13.36
Lesetid: 3 minutter

Rundt påsketider brukar bomvegen inn Kvistaddalen å verte opna, men vi kan ikkje vente til påske – vi kan knapt vente til det vert lyst. For å seie det rett ut – vi kan ikkje la nysnøen på Skårasalen(1542) bli besudla av andre før skisporet er festa til minnebrikka.

I løpet av natta har det igjen blitt kulde og nokre få centimeter nysnø. Rett nok er det eit skorpelag under, men under Blåhorndalen skjer det noko. Opp hit, til 800 meters høgde, har det tydelegvis regna siste dagane, men herifrå og opp har det snøa – berre snøa. Fred Ingar smiler. Han likar å brøyte veg i 30-40 cm nysnø. – Ideelle forhold for skisporet, tenkjer eg. Det er eg som skal fotografere.
Fred Ingar skal konsentrere seg om å vere modell, men han får sjølvsagt ingen økonomisk kompensasjon for oppdraget. Derimot skal han få køyre ca. 600 høgdemeter ned på ski utan stans. Det må vere betaling god nok. Men fall vert ikkje tolerert…Etter ein sterk og glovarm gløgg og ei brødskive vel halvvegs til Skårasalen, startar vi på sluttetappen. Men det blir ingen Skårasaltopp for meg i dag. Eg må konsentrere meg om det komande skisporet. Ved skaret/overgangen til Lissje(Lille) Skåradalen, stoppar eg og tek av skifellane. Fred Ingar har no heile fjellsida med jomfrueleg snø heilt for seg sjølv.
Vel nede på Blåhornet har eg god oversikt over fjellsida. Eg kikar i søkaren på fotoapparatet, ventar litt, konstaterer så at avtrekksfingeren vert fort kald utan vottar. Så vert modellen borte frå toppen. Fred Ingar har starta. På det flatare partiet rett under toppen ser eg han ikkje, men så kjem han over kanten. Ikkje 30 grader bratt lengst oppe, men gradtalet veks raskt. Heldigvis – snøen ligg i ro. Ikkje knappe svingar, farta vert prioritert. I søkaren ser eg ein skikøyrar som svingar lett frå side til side. Dette er eit sjeldan syn – eitt einaste skispor, ein einaste skikøyrar. Og det attpåtil i ei fjellside med tilnærma puddersnø, i ei fjellside som høyrer til ein av Sunnmøres mest populære skitoppar.
Eg ser på skjermen på baksida av kameraet. Ok – skisporet er der trass visse problem. Tida vil vise om fotoa er gode nok. Så pakkar eg saman og renn raskt ned frå Blåhornet. Fred Ingar har gjort jobben – utan fall og utan stopp har han på raskast mogleg måte kome seg ned dei avtalte høgdemeterane. Det vert nokre foto til. Så renn vi ned til bomvegen og vidare ned dalen, ned til bilen. Vi rakk heldigvis turen før Fred Ingar skal på ein lengre ferie.
– Er det snø på fjella på Mauritius, undrar eg.
Takk for turen.

Se flere bilder på friflyt.no

Publisert 4. februar 2011 kl 13.36
Sist oppdatert 4. februar 2011 kl 13.36
 

Relaterte artikler

 
toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen