Når solkremen inntek skisekken

Konkurransesesongen i randoneè er på hell og det går mot latare tider til fjells. 3 konkurransar, ein 3.plass og 2.plassar har det blitt. No ventar gule tider med påskeegg, påskehare og påskekylling.

Sist oppdatert: 6. april 2017 kl 22.40

Dei siste vikartimane på Sogndal VGS er overståtte, og påskeferien står for tur. Endeleg vert det rikelig med tid til ski og nye fjelltoppar. Vinteren har vore som ein «jo-jo», frå -10 og silkepudder, til 10 varme og regna dagen derpå. No er det siste innspurt med ski under beina, den siste glien i snøen skal tynast ut.

Skisesongen har for min del vore ruskete. Ein halten fot måtte fiksast på i byrjinga av Januar, og sette ein brå stoppar for mine mange planar og eventyr denne vinteren. Eg måtte følgje resten av landslaget Lars Erik Skjervheim, Sindre Hoff og Glenn Tore Løland kjempe i motbakkane frå sidelinja. Ein mildt sagt kjip følelse. No smeltar snøen skremmande fort i Sogn, og det er på tide å legge nederlaget bak seg og tenkje nytt og optimistisk.

17191342_1467655596580122_3460111387126103588_n
17191342_1467655596580122_3460111387126103588_n

Lars Erik har teke nye internasjonale steg denne vinteren, og kom i mål som nr.4 på lagkonkurransen Adamello Ski Raid. Foto: Ski & Run

Det vart lite farting over landegrensene for min del denne vinteren, men eg fekk med meg nokre av dei flottaste konkurranse me har i Noreg på tampen av sesongen. NM Stryn rando 3000 vart sesongens fyrste konkurranse for min del, og spenninga kring formen var på topp. Eg viste at eg hadde trent godt etter operasjonen, men det kunne det vere dei andre også hadde, så ein veit aldri. Det gjekk heldigvis godt, og eg er nøgd med å komme i mål som beste norske, men slått av svenskane Emelie Forsberg og Ida Nilsson. Vidare fekk eg med meg Romsdal Rando og Randoenern som begge gjekk bra. Også her måtte eg sjå meg slått av Ida Nilsson. Dessa svenskane er seige å henga på!

17353286_852178151590099_1719089149237650544_n
17353286_852178151590099_1719089149237650544_n

For min del er det litt vemodigt å skulle legge det raske fokuset til sida, eg har tross alt ikkje vore med på så mykje denne vinteren. Motivasjonen har klatra brått dei siste vekene etter at eg fekk startnummer på låret igjen, og eg kjenner eg gjerne skulle haldt det gåande nokre veker til. Slik vert det ikkje. No stappar me Toyotaen og reiser til fjells for å feire påske saman med svigers. Dette er vanlegvis den mest etterlengta tida av året, såkalla «off-season» eller mellomsesong. Eg pleier å setje av nokre veker etter skisesongen der eg driver dank utan plan og meining for å finne motivasjon igjen etter skisesongen, og for å gire meg opp til å byrje å springe. Denna vinteren er eg langt frå så lei og sliten som eg pleier å vere, men fokuset har vore å trene fram mot NM sidan Januar, så det skal likevel verte greit å flytte fokuset til appelsinsjokolade, kakao og pause på toppen.

G5855585
G5855585

Eg kryssar fingre og tær for ei solrik og kjekk påske. I tradisjons tru stikk eg til fjells for å nyte. Frå midten av Desember har eg vore på ski 70-80 dagar med eit fokus i tankane,  gå fortare, køyre betre. No fortsetter eg leiken til fjells, men endrar på målet. No skal det nytast! God påsk!

G5765246
G5765246
Publisert 6. april 2017 kl 22.40
Sist oppdatert 6. april 2017 kl 22.40

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen