«Gjertrud raste av garde medan eg hang som eit slips bak»

Den siste nedkøyringa var kring 1600 høgdemeter lang. Dette var brutalt for mine puslete lår.

Sist oppdatert: 3. april 2016 kl 15.18
LAGBILDE: – Vi kan nok ikkje sein vi er superfornøgd med prestasjonane våre her i Italia. Det føles som om vi har mykje å gå på, men det er utruleg lærerikt å vere med på noko slikt. Foto: Malene Blikken Haukøy.
LAGBILDE: – Vi kan nok ikkje sein vi er superfornøgd med prestasjonane våre her i Italia. Det føles som om vi har mykje å gå på, men det er utruleg lærerikt å vere med på noko slikt. Foto: Malene Blikken Haukøy.

22-15-36_ordinary_200

Malene (24) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009), vant Norgescupen i rando 2014/2015 og er sammen med Lars Eik Skjervheim på det norske rando-landslaget. Fortiden er hun akutell som programleder i Fri Flyt-serien «Født til å løpe». Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Tour de Rutor, dag 3: Det er siste dag av vårt vetle eventyr her i Italia. Det blir berre tyngre og tyngre å komme seg ut av senga på morgonen. Det er nok ein dag med lågt skydekke og nokre få regndrypp.

Ved frukostbordet venter nybaka croissant og søt kaffi. Ikkje akkurat det som står på ønskelista. Det er vanskeleg å kjenne på kroppen om det vert ein tung eller lett dag. Det fyrste inntrykket klokka 0600 er alltid litt seigt.

Les også: Første blogginnlegg fra konkurransen
Les også: Andre blogginnlegg fra konkurransen 

0830 gjekk starten, og det heile byrja med 300-400 meter springing i delvis sukkersnø og delvis asfalt. Dette var på inga måte drømmeopninga til Gjertrud. Når vi etter løpeetappa skulle få på oss skia var det sølvsagt vanskeleg å finne tilbake til Gjertrud. Det var trongt om plassen, og svært mange med noko lunde lik dress. Hissige og stressa spring folk over ski og stavar som ligg på bakken, så det gjeld å følgje med. Etter litt fann vi kvarandre, men mista fort taket når folk brøyta og dytta seg inn i mellom oss. Det gjeld å vere litt småfrekk tilbake også.

Gjertrud fekk ein litt tung start på dagen med springing, noko som satt i nokså lenge. Vi jobba oss frå 1500 moh og opp mot 3000 moh, noko som heller ikkje gjorde dagen noko enklare. Sjølv følte eg meg nokså bra, truleg gjorde eit kaldt bad i fontena dagen før susen. Eg hadde gleda meg til å endeleg sjå litt av fjella, men måtte nøye meg med å sjå grøne og raude flagg. Tåka låg tett, men medan vi jobba oss oppover kunne eg skimte konturar av flotte fjell. Snøen var heilt super. Den var relativt mjuk frå topp til botn.

LAG 405: Det blir litt venting på dei tekniske partia. Vi er lag nummer 405. Foto: Stefano Jeantet

Løypa bestod av to longe stigningar på kring 1000 meter kvar samt eit parti med skia på sekken opp ei smal renne. Den siste nedkøyringa var kring 1600 høgdemeter lang. Dette var brutalt for mine puslete lår. Gjertrud raste av garde medan eg hang som eit slips bak. Det er ein klar fordel å ligge bak under nedkøyringane, spesielt når det er dårleg sikt, men innimellom kjem det ein og anna tulling og stel plassen min bak Gjertrud og eg mister fort nokre meter.

DSC04232
DSC04232

IKKJE STØTTEAPPARAT: Det var dårlig med støtteapparat rundt oss, så da må vi ta restitusjonen i eine hender. Gjertrud går her for eit kaldt bad. Foto: Malene Blikken Haukøy.

Vi kan nok ikkje sein vi er superfornøgd med prestasjonane våre her i Italia. Det føles som om vi har mykje å gå på. Det heile vart litt rotete med manglande bagasje og leiting etter reserveutstyr, men det er utruleg lærerikt å vere med på noko slikt. Vel tilbake på hotellet er det full fest. Det er trekkspillmusikk og gluvine blant dei lokale som har jobba på spreng heile helga for å få dette arrangementet på plass. Det er ein solid folkefest tross kjedelege værforhold.

LES OGSÅ: Vanligvis er Malene og Hildegunn Gjertrud konkurrenter

Vi enda på 9. plass på dag 1 og 8. plass på dag 2 av 28 damelag. Vi hadde nok ambisjonar om eit par plassar opp, men slik vart det ikkje denne gongen. Plasseringa i dag veit vi enda lite om J

Publisert 3. april 2016 kl 15.18
Sist oppdatert 3. april 2016 kl 15.18

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen