Endeleg!

Malene Blikken Haukøy er godt i gang med opplading til verdenscup i randonne, som startar 16. januar.

Sist oppdatert: 14. januar 2016 kl 11.07
Herlige treningsdagar i Andorra. Smilet er 100% ekte!
Herlige treningsdagar i Andorra. Smilet er 100% ekte!

Malene Blikken Haukøy

Malene (23) vokste opp mellom bakker, fjord og fjell i Høyanger, hvor det er helt naturlig at barn deltar i motbakkeløp. I 2013 ble hun historisk da hun tok Norges første verdenscup-seier i randonee. Hun har også en EM-bronse (2009). Aller best trives hun med sprint. Malene bor og trener i Sogndal, og studerer praktisk pedagogikk ved HiSF ved siden av landslagssatsingen. Malene er fast på UTEs blogglag.

Saman med svært ivrige Lars Erik Skjervheim har eg teke turen til Andorra og Pyrineene. Det er her WC-sirkuset i randoneè byrjar 16- 17. januar. Nervane er i høgspenn når eg tenkjer på startskotet og det skremmande opningstempoet. Det er sjølvsagt ikkje berre spente følelsar, for det skal bli kjekt å komme i gong!

LES OGSÅ: Tips i tursekken

LES OGSÅ: Få råd til reisedrømmen 

DSC01445
DSC01445

Som alltid gjer me vårt ytterste for å bli venn med høgda og dei utfordringane den ber med seg. På nesten 2000 moh. ladar me opp ei god veke før WC set i gong. Etter mykje planlegging og vurdering har me slått oss til ro med at denne fyrste konkurransehelgi blir ein form for innkjøringskonkurranse. For det fyrste er starten på 2200 moh., noko som ikkje akkurat favoriserar oss. For det andre kjem det fleire viktige konkurransehelger på rad og rekke, der i blant EM 5.-7. februar som betyr meir for oss. Med det stiller me på start med senka forventningar til plasseringa, men med ein plan om å gå hardt men kontrollert. Ein progressiv opning er tanken, kanskje fører det til eit godt løp, kanskje ikkje. Det er ikkje noko søndagstur me skal på sjølvsagt, men me skal prøve å ikkje møte den harde og brutale veggen. På denne høgda vil ein «smell» krevje mykje restituering, alt tek lenger tid i tynn luft.

Det er lite snø i Andorra, men som dei to ivrige sjelene me er finn me litt moro likevel.
Det er lite snø i Andorra, men som dei to ivrige sjelene me er finn me litt moro likevel.

Alle eksperttips kring høgde fortel oss at me skal bu høgt, men trene lågt. Det er eit problem for oss. Snøen byrjar så og si her me bur, alternativet på ei lågare høgde er rulleski. Denne idretten er skapt i fjellet, og det er der den skal vere. «Ingenting er umulig, det umulige teke berre litt lenger tid». Eg veit ikkje kor sitatet kjem fram, men det ligg noko positivt i det.  

Denne fyrste veka går med til å venne seg til høgda, me brukar mange timar i fjellet, men tempoet er rolegare enn me er vandt med. Me skal i det minste stille så friske og lette som mogleg til start kommande helg. Dagane er fine, men einsformige. Ete, trene, sove, ete, trene, ete og sove. Denne livsstilen er fantastisk over ein kort periode, men det er definitivt mogleg å bli lei. Derfor flyttar me på oss med jamne mellomrom. Det er nok ein del festlege aktiviteter me kunne oppsøkt her i Andorra, men tida og overskotet strekk ikkje til. Tida mellom treningane nyttar eg i senga med sjokoladen i den eine handa og vatn i den andre. Dersom internett fungerar sløvar eg gjerne til Solsidan eller Grey`s Anatomy. Eg er heldig å ha fått sovesofaen i stua/kjøkkenet, med andre ord er det kort veg til kjøleskapet. Eg kjem faktisk så bra ut av det at eg berre opnar vindauget og vips er eg på laguna Beach, med solbrillene på. 

LES OGSÅ: Barske gleder 

Dersom eg har vore skikkeleg flink let Lars Erik meg få drikkepause på toppen,  det er stas ☺
Dersom eg har vore skikkeleg flink let Lars Erik meg få drikkepause på toppen, det er stas ☺

Medan vi no bur på 1990 moh., sankar (feil ord å bruke, men kort sagt) vi røde blodceller som skal komme godt med om nokre veker. Vi brukar mest mogleg tid på denne høgda, og effektiviserer våre visitt på butikken som ligg på berre 1500 moh. I 3 veker skal vi no, bu og trene høgt i forkant av EM i Sveits. Etter den fyrste WC her i Andorra flyr me vidare til Italia der me møter resten av dei norske utøvarane. Det er viktig med sosial variasjon og fornying, eg vil tru det er mogleg å bli godt lei av meg!

IMG_5896
IMG_5896

Sola kikkar fram, men er på veg ned fjellsidene. Beina kjennes lette men hovudet og auga litt tunge etter ein lunsjkvil. Det er likevel på tide å smyge seg inn i treningskleda og spenne på ski, 2. økt står for tur. Men fyrst ein liten, eller STOR bit med sjokolade!

Startar og avsluttar dagane til fjells.
Startar og avsluttar dagane til fjells.
Publisert 14. januar 2016 kl 11.07
Sist oppdatert 14. januar 2016 kl 11.07

Relaterte artikler

Skiferie på Senja

Skiferie på Senja

TOPPTUR I STRYN: Med gondolen Loen Skylift kommer du deg lynraskt opp til vårsnøen, som gradvis forsvinner i lavlandet. Foto: Bård Basberg
Toppturer i Nordfjord

Toppturer i Stryn

silvretta skiferie
Toppturer i Alpene

Alpenes beste toppturer

synshorn topptur
Sikkerhet i vinterfjellet

Slik bruker du KAST-systemet

toppturer i tromsø. Foto: Kristoffer Kippernes
Bynære skiturer i Tromsø

Trygge toppturer i Troms

ryssdalsnebba ski
Toppturer på Nordmøre

Langt opp = langt ned

Topptur til Urdshovd

Av på første stopp

UPÅKLAGELIG: En krevende, men fantastisk tur. hele veien er det havutsikt og flotte naturopplevelser, mange høydemeter, spennende passasjer og nydelig nedkjøringer. Foto: Mikal Nerberg.
Fleredagers skitur i Lyngen

Lyngen på langs

toppturutstyr for nybegynnere
Rando for nybegynnere

Tips til ski for topptur

trening topptur
Fjellførerens treningstips for rando-turer

Fjellførerens treningstips for vinterens rando-turer

hans inge klette
Rando-konkurransens ABC

Slik er en rando-konkurranse

Levandehornet sett fra sørøst. Foto: Håvard Myklebust. / Trygge toppturer.
Turbeskrivelse – skitur

Turbeskrivelse Levandehornet

jørgen aamot toppturskolen
Typiske faretegn for snøskred

Lær deg å gjenkjenne skredfare

trekkbag haul bag dry bag ekspedisjon antarktis
Et alternativ til pulk

Alternativ til pulk på vintertur

Utemagasinet.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Gunhild Aaslie Soldal | Tips til redaksjonen

Kommersiell leder: Alexander Hagen